Ditt lokale vikarbyrå!
I tillegg til å ordne med avløysing til bøndene har vi no inngått avtaler med nokre personar som skal ta på seg forskjellige typar oppdrag for oss.
I fyrste omgang er det innbyggjarane i Eid kommune som får tilbodet.
Vi har fått med oss ein tømrar med fagbrev som kan ta på seg «små» oppdrag, ein av medlemane i laget tek på seg diverse arbeid/transport med traktor og utstyr, ein medlem leiger ut Avant minilastar m/mann og ein av landbruksvikarane tek på seg diverse oppdrag med eller utan traktor, t.d. hagerydding +++++++++++
Treng du hjelp av fagfolk i hagen?
Vi har ein utdanna gartnar som tek på seg ulike hageoppdrag.
Ta kontakt med kontoret tlf 57 86 01 73 / tone.sorland@n-lt.no eller Johannes Nome johannesnome@hotmail.com
Er det fleire bønder som vil ta seg litt ekstraarbeid i dei periodane det er mindre å gjere på garden, ta då kontakt med kontoret eller styreleiar.
Når det gjeld prisar på desse tenestene, tek vi utgangspunkt i NLT sine «utleigeprisar for maskiner og utstyr» pluss timelønn på person.
Kostnadsoverslag.
Før ein tek til med eit arbeidsoppdrag kan ein godt ilag med kunden utarbeide eit kostnadsoverslag slik at kunden har ei forståelse av kva det kjem til å koste.
Klikk på linken og skriv ut: Kostnadsoverslag LTN
Arbeidsoppdrag.
Når ein har utført eit arbeidsoppdrag for Landbrukstenester Nordfjord må ein på beste måte fylle ut dette skjemaet slik at ein får ei rett fakturering og oppgjer.
Klikk på linken og skriv ut: Arbeidsrapport LTN.
Etter kvart skal meir informasjon, skjema og prisar leggast ut på heimesida http://nordfjord.landbrukstenester.no
sjå også på denne sida, her ligg mykje informasjon som gjeld «alle» www.norske-landbrukstenester.no