VEDTEKTER FOR

LANDBRUKSTENESTER NORDFJORD

§ 1 Organisasjon

Landbrukstenester Nordfjord SA med org. nr. 00971365994 nedanfor kalla laget, er eit andelslag etter samvirkeprinsippet med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande kapital og medlemstal. Medlemene heftar berre med sitt andelinnskot for gjelda til laget.

Laget sin administrasjon ligg i Eid kommune, Sogn og Fjordane.

§ 2 Føremål

Laget si hovudoppgåva er å skaffe avløysing slik at medlemene får regelmessig fritid, avlasting i onnetider og avløysing under sjukdom m.v.

Laget kan også administrere/koordinere andre former for samarbeidstiltak, som kan vere med å betre medlemene sitt driftsresultat, arbeidssituasjon og velferd.

Det kan og vere naturleg å yte andre tenester som styrkjer landbruket, eller vere utviklande for lokalmiljøet.

§ 3 Ansvar

Laget skal stå som arbeidsgjevar for dagleg leiar og kan tilsetje avløysarar og anna arbeidskraft med tilhøyrande arbeidsgjevaransvar. Arbeidsgjevaransvaret skal stå i forhold til arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter.


§ 4 Medlemskap/andelar

Laget skal vere ope for medlemskap for brukarar som har rett til tilskot for avløysarutgifter og/eller fått utbetalt produksjonstillegg etter forskrift om areal og kulturlandskapstillegg.

Kvart medlem (driftseining) teiknar seg for ein andel. Kvar andel lyder på kr. 100,- som skal betalast inn til laget sin konto. Andelen vert ikkje forrenta. Andelen fylgjer landbrukseigedomen. Ved eigar/brukarskifte kan andelen overførast til ny eigar/brukar. I tillegg kan styret fastsetje medlemskontingent og administrasjonsavgift. Administrasjonsavgifta kan vere eit fast beløp pr. medlem eller eit særskilt påslag (i prosent) av brutto løn.


§ 5 Nytting av årsoverskot

Korleis årsoverskotet skal kunne nyttast vert vedteke av årsmøtet etter forslag frå

styret. Det kan ikkje vedtakast å nytta eit høgare beløp enn det styret føreslår eller

godtek, men årsmøtet kan sjølv vedta nytting innanfor følgjande rammar:

  1. Godskriving av føretakets eigenkapital

  2. Etterbetaling (jf. Samvirkelova §27)

  3. Avsetting til etterbetalingsfond (jf. Samvirkelova §28)

 

§ 6 Rettar og pliktar

Kvart medlem har rett til hjelp for å skaffe arbeidskraft/avløysing som er best mogeleg tilpassa deira behov. Medlemene må til kvar tid rette seg etter dei lover og reglar som er gjeldande for velferdsordningane. Når laget står som arbeidsgjevar for arbeidstakarane og betalar ut løn til desse, pliktar kvart medlem å betale sine kostnader til rett tid.

Laget skal ha tilgjengeleg, og gje medlemene informasjon og rettleiing om gjeldande lover og forskrifter for helse-, miljø- og tryggleik. Laget skal ha oversikt over krav som er særleg viktige for verksemda.

Kvart medlem har ansvar for at arbeidsmiljøet på garden er i samsvar med gjeldande reglar i arbeidsmiljølova, og har plikt til å gje informasjon og opplæring til arbeidstakarane etter AML og KSL sine krav.

Medlem som vert påført ansvarsskade, har sjølv økonomisk ansvar for eigendelen ved forsikringsoppgjeret. Skaden må kunne skuldast den tilsette sitt arbeid.



§ 7 Utmelding/Eksklusjon

Medlemskapen er bindande frå innmeldingsdato. Utmelding skal skje skriftleg, og utmeldingsfrist er 3 månader rekna frå den dagen meldinga om utmelding kom fram til laget.

Medlem som bryt vedtektene eller føresegner som er gitt i medhald av desse eller på annan måte forsømmer sine plikter ovafor laget, kan ekskluderast frå laget. Styret kan fremje slikt krav, dei kan og fremje krav om skadebot for dei tap som laget er påført. Seinast 8 dagar før styret handsamar saka, skal medlemen ha skriftleg varsel og få høve til å uttale seg innan ein rimeleg frist. Medlemen kan anke styrevedtaket inn for årsmøtet.

Ved utmelding/eksklusjon har medlemen rett å få betalt attende sin andel dersom laget sin økonomi gjev rom for det. Innbetalt administrasjonsavgift vert ikkje betalt attende. Det kan heller ikkje stillast krav om del av laget si eiga (formue). Utmeldt/ekskludert medlem kan ikkje ha tillitsverv i laget.


§ 8 Årsmøtet

Årsmøtet er laget sitt høgaste organ og skal haldast kvart år innan utgangen av april. Innkalling vedlagt sakliste, årsmelding, rekneskap, årsplan og budsjett skal sendast skriftleg til medlemene med 14 dagars varsel.

Saker som eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet, må vere kome skriftleg til styret seinast 4 (fire) veker før årsmøtet.

Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av medlemene krev det.

Kvart medlem /driftseining har 1 røyst. Medlemene kan møte med skriftleg fullmakt, men ingen kan møte med meir enn ei fullmakt.

Gyldig vedtak krev simpelt fleirtal, dersom ikkje vedtektene krev noko anna. Ved likt røystetal avgjer møteleiaren si røyst, unnateke ved personval der utfallet vert avgjort ved loddtrekning.

Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Protokollen skal underskrivast av to medlemer valde av årsmøtet.


På årsmøtet skal følgjande saker handsamast:

1. Godkjenning av innkalling og sakliste.

2. Val av møteleiar og skrivar.

3. Val av to medlemer til å skrive under møteboka.

4. Styret si årsmelding.

5. Rekneskap og revisjonsmelding.

6. Arbeidsplan for komande år.

7. Budsjett for komande år.

8. Godtgjersle til tillitsvalde

9. Val:

  • val av styreleiar for 1 år.

  • val av styremedlemer for 2 år.

  • val av vararepresentantar til styret (nummererte) for 1 år.

  • val av revisor

  • val av medlem og varamedlem til valnemnd

10. Andre saker som er med i innkallinga.


§ 9 Styret

Laget skal leiast av eit styre på 5 medlemer valde på årsmøte og 1 tilsett som er oppnemnt av og blant dei tilsette i laget. Representanten frå dei tilsette kan ikkje veljast til styreleiar eller nestleiar i styret. Kvar kommune skal vere representert med minst ein styremedlem.

Styremedlemene vert valt for 2 år om gongen. Kvart år er 2 eller 3 av medlemene på val, fyrste gong etter loddtrekning.

Styret held møte så ofte leiaren finn det nødvendig eller minst 2 av medlemene i styret krev det. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades.

Har eit styremedlem forfall, skal dette meldast til laget i god tid, slik at varamedlem kan innkallast.

Ved likt stemmetal avgjer leiaren si stemme.

Begge kjønn bør vere representert i styret.

Styret konstituerer seg sjølv.


§ 9.1 Oppgåvene til styret

Styret skal leie laget si verksemd i samsvar med vedtektene og dei vedtak som årsmøtet har gjort, og skal følgje dei instruksar som er fastsett av offentleg styresmakt.

Styret skal kartlegge, organisere og administrere all utleige/formidling av arbeidskraft slik at medlemene får tenlege løysingar.

Styret er ansvarleg for at heile laget si verksemd vert utført på ein forsvarleg måte.


Vidare skal styret bl.a.:

  1. Ha ansvar for at laget har tilfredsstillande økonomi, og om nødvendig fastsetje ei administrasjonsavgift. Forvalta laget sine midlar og legge fram forslag om bruk av disponible midlar.

  2. Førebu og gje innstilling i alle saker som skal leggast fram for årsmøtet. Unnateke valnemnda sine oppgåver.

  3. Syte for at rekneskapen er forsvarleg ført og revidert etter gjeldande reglar.

  4. Ha ansvar for laget si årsmelding.

  5. Setje opp arbeidsplan og budsjett for komande år.

  6. Tilsetje og seie opp personale og fastsetje løn og tilsetjingsvilkår.

  7. Ha ansvar for at kontoret har tilfredsstillande bemanning og at kunnskapane til kvar tid står i forhold til arbeidsoppgåvene. Vidare at arbeidsforhold og arbeidsmiljø er slik at det skapar grunnlag for effektivitet og trivsel.

  8. Arbeide aktivt for å utvikle laget vidare, slik at medlemene til kvar tid får dei tenester dei treng.

  9. Samarbeide med andre organ innan næringa for å utnytte ressursane best mogeleg, og for å styrkje landbruket i lokalmiljøet.

  10. Styret kan opprette arbeidsutval etter behov. (Vanlegvis samansett av styreleiar, eit styremedlem og dagleg leiar.)

  11. Styret skal vedta retningslinjer for verneombod, og kan, i eige styrevedtak, gje verneombodet fullmakt på laget sine vegne til å foreta besøk hjå det einskilde medlem.

Styreleiar og eit styremedlem bind laget med sine underskrifter. Styret kan gje prokura.

Det skal førast protokoll frå styremøta. Styreprotokollen skal sendast ut til styremedlemene innan 14 dagar etter kvart møte.


§ 10 Valkomité

Laget skal ha ein valkomité på 3 medlemer. Valet gjeld for 3 år. Kvart år går 1 medlem ut, fyrste år etter loddtrekning. Det skal kvart år veljast 1 varamedlem til valkomiteen. Den som har sete lengst fungerer som leiar.

Valkomiteen skal føreslå kandidatar til alle val som skal haldast på årsmøtet, unnateke revisor. Revisor skal veljast etter innstilling frå styret. Valkomiteen skal innstille på godtgjersle til tillitsvalde. Årsmøtet kan fastsetje instruks for valkomiteen.


§ 11 Tvistar

Tvist mellom laget og eit eller fleire av medlemene i laget som ikkje vert løyst på minneleg vis, vert avgjort ved skilsdom (valdgift). Skilsdomstolen er samansett av 3 medlemer. Kvar av partane vel eit medlem og sorenskrivaren i distriktet nemner opp leiaren. Dersom ein eller begge av partane innan ein frist som er fastsett av styret ikkje har oppnemnd sitt medlem, vert vedkomande medlem oppnemnd av sorenskrivaren.

Kravet om skilsdom må vere kome inn til styret innan 3 månader etter at medlemen har fått kjennskap til forholdet som grunngjev kravet.

Skilsdomstolen tek og avgjerd om sakskostnader.


§ 12 Vedtektsendring.

Endring av laget sine vedtekter kan berre gjerast av årsmøtet. Det skal stå i innkallinga til årsmøtet kva endringa gjeld. Til gyldig vedtak vert det som hovudregel kravd 2/3 fleirtal av røystene på årsmøtet. I spesielle saker vert det kravd 4/5 fleirtal.


§ 13 Oppløysing – Fusjon.

Vedtak om oppløysing av laget vert gjort av årsmøtet. Gyldig vedtak om oppløysing krev 3/4 fleirtal av deltakarane på møtet. Det årsmøtet som gjer vedtak om oppløysing skal velje eit avviklingsstyre.

For vedtak om fusjon gjeld same reglar som ved oppløysing, unnateke val av avviklingsstyre.

Eventuelle attståande midlar, etter at gjeld er dekka, skal stå i fem -5- år i tilfelle eit føretak med same formål vert skipa, midlane vil då verta overdrege til nytt føretak. Årsmøte fattar vedtak om allmennyttig føremål som skal overta midlane om nytt føretak ikkje er skipa innan fem år.




Vedtektene er godkjend av årsmøte 19.04.2012



Vedtektene gjeld frå (dato/år 19.04.2012


Vedtektene er godkjent av Foretaksregisteret (dato/år) 27 august 2012