Landbrukstenester Nordfjord

Ved å klikke på linken nedanfor får ein opp timeliste i PDF- format.

Timeliste med info. 

Timelistene skal vere innkomne til den 5. i kvar månad for å verte utlønna.

Arbeidsavtale, dette er nytt i 2011.

arbeidsavtale, wordfil, docx.     eller som  PDF fil

Etter påtrykk frå arbeidstilsynet må vi no innføre standard arbeidsavtale for alle, i staden for den forenkla arbeidsavtalen som var trykt på baksida av alle timelister. Jfr. arbeidsmiljølova §14 5,6 der det er krav om skriftleg arbeidskontrakt i alle arbeidsforhold.
Nr. 1 og 5 kan vi fylle ut.
Nr. 2. Namn og adresse til avløysar.
Nr. 3  Arbeidsplass er namn på gardbrukar / oppdragsgjevar.
Nr.  6  I og med det er innført i år, skriv 01.01 2011 på tilsett frå og i maks 48t pr veke.
Nr.  8  For timelønn sjå lønnstariffen.
Nr.  9  Hugs underskrift frå avløysaren, send det til oss og vi sender ein kopi til avløysaren.

Denne kontrakta vert arkivert hjå oss og brukar de same avløysaren år etter år skal den ikkje fornyast.