Medlemsinformasjon hausten 2015

Kontoutdrag og faktura

I år har vi nytt både lønn og rekneskapsprogram – med dei utfordringane det fører med seg.

Det som har blitt mest spørsmål rundt er fakturabiten.

Faktura blir sendt ut sjølv om bonden har pengar til gode på kontoen her med oss. Nedst på fakturaen står om du har pengar til gode eller ikkje. Fakturaen skal brukast som bilag i rekneskapen i lag med kontoutdraget.

I ruta oppe til høgre på fakturaen står kor mykje du har i tilskot – kor mykje som er brukt – og restbeløp. Om der står minus framfor restbeløpet viser det at du har brukt meir enn tilskotet.

 

Heimeside og internkontroll

Etter  kontroll frå Arbeidstilsynet vart det utarbeidd ein heil del skjema og instruksar. Vi fekk godkjent å legge mesteparten av dette ut på heimesida vår,  i staden for å sende ut alt i brev form. Vi ber om at de tar ein kikk på dette.        http://nordfjord.landbrukstenester.no

I tillegg vart vi pålagde, det gjeld alle avløysarlaga i landet, å utarbeide ei avtale mellom bonden som oppdragsgivar og laget som arbeidsgivar. Denne er heilt avgjerande viktig viss det skulle skje ei alvorleg ulukke, og det blir ei sak om erstatning. Denne avtala er utarbeidd i to eksemplar og skal skrivast under av begge partar. Vi har liggande ei mappe til alle medlemane her på kontoret med denne avtala pluss litt informasjon. Få med deg denne når du er innom kontoret.

Alt dette passar også godt  i bondens KSL system.

 

Timelister

Det nærmar seg slutten av året og det er viktig at timelistene kjem i god tid før Jul. Eg masar om dette kvart år, og håpar stadig på at jule- og nyttårsrushet skal betre seg.

Det er ikkje berre for administrasjonen sin del dette er viktig. I år vart det nye A-meldingssystemet innført, og dermed er det svært viktig for avløysaren sin del at arbeidstimane blir meldt inn til staten i rett tid. Dette dannar grunnlag for kva rettigheitar avløysaren har til ytingar frå t.d. NAV ved eventuell sjukdom eller skadesituasjon.

Eg må sende inn opplysning om kven som er i arbeid kvar månad. Dermed er det ikkje mulig å samle opp timar for heile året slik som enkelte har gjort tidlegare.

 

Avløysarsituasjon

Vi har ei utfordring med avløysar, som er heilt motsatt av landet elles. Vi har ledig(e) avløysar og for liten etterspurnad frå bøndene.

VI MÅ SYSSELSETJE AVLØYSAREN HEILE ÅRET !! INGEN KAN GÅ GJENNOM ÅRET Å FÅ KUN HELGEJOBBING.

Viss det ikkje blir ei ordning på dette, må vi seie opp avløysaren/landbruksvikaren. Då er det plutselig vanskeleg å få hjelp ved sjukdom/ulukke blant anna.

Vi har to avløysarar som har mykje ledig kapasitet resten av året – spesielt i vekedagane.

 

 

Med helsing

Landbrukstenester Nordfjord SA

Tone H. Sørland