Landbrukstenester Nordfjord

Kva er Landbrukstenester Nordfjord?

Landbrukstenester Nordfjord er ei medlemsbedrift, eigd av 280 bønder i kommunane Bremanger, Vågsøy og Eid. Vi er eitt av ca. 108 medlemslag i Norske Landbrukstenester, (www.landbrukstjenester.no).

Hovudoppgåva er å administrera velferdsordningane (avløysing), og å hjelpa til med å skaffa eigarane, og andre i området, naudsynt arbeidskraft.


Samstundes skal vi:

  • Drive rekruttering og opplæring.
  • Vere ein profesjonell arbeidsgjevar, på vegne av den einskilde brukar.
  • Alle som får løn gjennom Landbrukstenester Nordfjord er automatisk forsikra.
  • Koordinere/administrere andre former for samarbeidstiltak i området.   
  • Tilby tenester som brukarane (eigarane) har trong for, med høg kvalitet og til rett pris.

Landbrukstenester Nordfjord skal med godt samarbeid og kunnskap hjelpe til for å skape trivsel, stabilitet, tryggleik og utvikling, både for brukarane og dei tilsette.

Landbrukstenester Nordfjord er eigarane (brukarane) sitt vikarbyrå. Men det er du, gjennom bruk og aktivt eigarskap som avgjer kor godt arbeid vi kan gjere for deg. Bruk oss og still krav til oss.