Ringavløysar
2. gangs utlysing
Landbrukstenester Nordfjord søkjer ringavløysar
Landbrukstenester Nordfjord treng fleire dyktige avløysarar med på laget.
Vi har no ledig 100% fast stilling som ringavløysar. Arbeidsstad er området Kjølsdalen/Eid i Stad kommune.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsoppgåver vil vere fôring, mjølking og stell av dyr, i tillegg til generelt gardarbeid.
- Stillinga er i hovedsak knytt til mjølkeproduksjon.
- Som ringavløysar vil du arbeide hos 5-6 ulike bønder.
- Det er viktig at du som avløysar kan jobbe sjølvstendig etter gitt opplæring.
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Søkjer hovedsakleg etter deg som er utdanna agronom eller har anna landbruksfagleg utdanning. Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning.
- Erfaring og kunnskap frå mjølkeproduksjon.
- Førarkort bil og traktor.
- Må kunne disponere eigen bil.
- Må beherske norsk språk – munnleg og skriftleg.
- Vi søkjer etter deg som kan jobbe sjølvstendig, er ansvarsbevisst og som kan mestre ein arbeidskvardag med fysisk tungt arbeid. Du må like å arbeide med dyr, vere fleksibel og kunne tilpasse deg ulike arbeidssituasjonar.
Vi kan tilby:
- Vi tilbyr ein spennande og variert jobb i ei stabil og inkluderande bedrift.
- God opplæring.
- Turnusarbeid / Delt dag.
- Lønn etter avtale.
- Gode forsikringsordningar.
Har du spørsmål om stillinga ?
Ta kontakt med dagleg leiar, Tone H. Sørland.
Tlf: 57860173
E-post: tone.sorland@n-lt.no
Søknad med vedlagt CV sendast på e-post til tone.sorland@n-lt.no
Ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden og oppgir relevant referanse av ny dato.
Søknadsfrist 20. juli 2021.