Om Landbrukstenester Nordfjord
Uavhengig av kva del av landet ein bur i, skal bøndne føle seg trygge på at dei får det same tilbodet. Landbrukstenester Nordfjord arbeider for å sikre den norske bonden sin etterspurnad etter kvalifisert arbeidskraft til ei kvar tid. Det vere seg ferie og fritid, hjelp ved sjukdom og ikkje minst i krisesituasjonar. Vi ufører ei teneste for den norske bonden, men òg på oppdrag frå avtalepartane i landbruket. Det medfører eit ansvar for kvalitet i alle ledd. Vår hovedoppgåve er nettopp det – å arbeide for å tilby bøndene tenester av høg kvalitet. Først og fremst for å dekke behovet for kvalifisert arbeidskraft. Vi har som mål å «levere på oppdraget». Det innebærer eit fokus på fagleg kvalifiserte tilsette som blir oppmodna til både kurs og etterutdanning.
Kva kan vi tilby våre medlemmar ?
- Dekker kunden sin etterspurnad etter kvalifisert arbeidskraft.
- Landbruksvikar. 100% beredskap ved akutt sjukdom og kriser.
- Godt HMS arbeid ilag med oppdragsgjevar, definert gjennom oppdragsgjevaravtalen.
- Sikre at lovpålagte krav blir oppfulgt.
- Avløysing ferie og fritid.
- Sjukdomsavløysing og avløysing ved svangerskap og fødsel.
- Jobbe for å prioritere velferdsordningane ved å sikre rekruttering og for å ha eit landbruk over heile landet.
- Sikre at bonden får informasjon om reglar og rettighetar i velferdsordningane.
- Lønn- og personalarbeid med tilhøyrande rapporteringar.
- Kontaktledd mellom bonde og avløysar.
- Lokalkunnskap.
- Gode forsikringsordningar
Avløysaren blir automatisk forsikra.
Ansvarsforsikringa vi tilbyr er meir komplett enn standar ansvarsforsikring som forsikringsselskapa tilbyr.
Utvida yrkesskadeforsikring. Er utvida til å gjelde når ein reiser til og frå arbeid, samt gir erstatning ved invaliditetsgrad frå 1 – 100%.
Medlemspris på forsikringar som helseforsikring, reiseforsikring, fritidsforsikring, styreansvarforsikring, formuetapsforsikring, kriminalitetsforsikring
og konsernbilforsikring.