Landbrukstenester Nordfjord

Innskjerping av krav ved søknad om produksjonstilskot

Fylkesmannen har kome med ei presisering/innskjerping av krava til rette opplysningar i søknaden om produksjonstilskot.

Fylkesmannen skriv:

 

Endra krav til retting i søknad om produksjonstilskot

Dersom du har gløymt opplysningar og vil rette søknaden etter søknadsfristen, vil utbetalt tilskot bli redusert. Det løner seg difor å starte med søknaden tidleg og vere nøyaktig.

Landbruksdirektoratet presiserte i haust korleis retting i søknader skal praktiserast. Dersom søkjar oppdagar at det er ført opp for få dyr eller for lite areal på søknaden og vil rette dette etter søknadsfristen, vert det å rekne som ein ny søknad . Det vil sei at du vert trekt kr 1 000 per dag frå søknadsfristen og fram til dei nye opplysningane er registrert. Det kan ikkje førast på meir dyr/areal når det har gått ein månad etter søknadsfristen.

Døme: Søknadsfristen for produksjonstilskot er 20. august og 20. januar. Dersom du for eksempel den 25. januar oppdagar at du har gløymt å føre på ungdyr av storfe på søknaden og tek kontakt med kommunen for å få dette retta opp, vert det eit trekk i utbetalinga på kr 5 000 for seint levert søknad (5 dagar etter fristen).

Søkjar sitt ansvar å søkje rett

Som søkjar er du ansvarleg for at opplysningane på søknadsskjema er rette. Om du har ført feil i søknaden som gjer at du kunne ha fått for mykje utbetalt tilskot, skal kommunen rette søknaden og vurdere avkorting i resten av tilskotet.  Avkorting skal vere hovudregelen ved feil i søknaden, størrelsen på avkortinga er avhengig av skuldgrad, men også «simpel aktløyse», der søkjaren burde vite at opplysningane er feil, gjev grunnlag for avkorting.

Dersom du oppdagar feilen sjølv og melder frå om dette til kommunen, skal dette komme deg til gode i vurdering om avkorting. Det er difor viktig å melde frå så snart som mogleg om du oppdagar feil i søknaden.

Sett deg inn i regelverket

Det er søkjar sitt ansvar å sette seg inn i regelverket. Rettleiingshefte vert ikkje lenger sendt ut, men du finn det og annan nyttig  informasjon på nettsidene til Landbruksdirektoratet https://www.slf.dep.no/no/.   Om du har du spørsmål til regelverket eller er usikker på korleis søknaden skal fyllast ut  så ta kontakt med landbruskforvaltninga i kommunen i god tid før søknadsfristen.

Oppdagar du at det manglar eller er feilført noko i søknaden først etter at tilskotet er utbetalt kan du klage. Klagen må då vere skriftleg og med ei grunngjeving, men det er berre i spesielle tilfelle det kan etterbetalast og det skal leggast streng praksis til grunn.