Siste nytt: 17.04.12
Det siste infoskrivet, docx fil og PDF fil

31.03.12  Timelister og arbeidsavtale.
Timelister kan de no skrive ut sjølve, frå link på venstresida av heimesida. Husk også arbeidsavtale til avløysaren. Denne arbeidsavtalen varer så lenge de brukar same avløysaren(i mange år).
Fristen for innlevering av timelister er som før, den 5. i kvar månad. Utlønning skjer snarast råd etter det, seinast den 12.

Avløysarkurs 2011, landsoversikt.
Bygdefolkets studieforbund har laga eit oppsett over tilgjengelege avløysarkurs på landsplan. Slik at går du på skule el. liknande ein plass i landet, kan du delta der du er. PDF fil her


Lønnstariffen er no oppdatert med satsane pr. 1. april 2011.

Arbeidstilsynet har no laga ei orientering av deira forståing av forskrifta om almenngjeringa av tariffavtalen for jordbruket og gartneria.
Les meir her..

31.03.08  Årsmøteinnkalling og resultatrekneskap.
Årsmøte er oppsett til torsdag 17. april kl.20.00 i peisestova til Per Ingvar Langeland. Årsmøtepapira er no under utsending, men resultatrekneskapen må hentast på kontoret eller lastast ned
her.

31.03.08  Den nye landbruksvikarordninga
Ein er no inne i ein fase der ein tilset landbruksvikarar rundt om i laget. Ein kjem tilbake med meir detaljar når alt er på plass. Denne saka har teke litt tid, men den som ventar på noko godt……..osv.

5.10.07  Ny landbruksvikarordning for 2008.

Statens Landbruksforvaltning har sendt ut eit rundskriv om den nye landsdekkande landbruksvikarordninga som skal etablerast frå årsskiftet.
Forskriften ble fastsatt 19. oktober 2007, og vil gi mer utfyllende retningslinjer.
Både rundskrivet og forskrifta finn de her.

25.09.07.  Forskrifta til ny landsdekkande landbruksvikarordning er no lagt ut på høyring med frist 11. oktober. Har du høve til å lese forskrifta og kome med innspel set vi pris på det, for det er no ein kan endre og få den best mogleg frå starten. Ta evt. kontakt med Tone eller Per Ingvar.
Forslaget til forskrifta finn de her

24.09.07. Ny leiar i Norske Landbrukstenester 03.09.2007.
Etter å ha vore dagleg leiar i organisasjonen sidan starten i 1991, overlet no Trygve Fredheim roret til Frode Alfarnes (39). Han har 12 år bak seg i organisasjonen og vi ynskjer han lukke til i jobben.
Les meir på NLT sine heimesider
her.

10.09.07.  Det siste medlemsskrivet for september kan de laste ned her.

10.09.07.  For å auke omsetninga og dermed inntekta til laget har vi laga ei spørjeundersøking til medlemmane om det er nokre arbeidsoppgåver dei vil ta på seg. Denne spørjeundersøkinga finn de her. 

01.06.07.   Det er no utarbeidd eit veiledningshefte frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet som tek føre seg dei nye reglane for varsling om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. I følgje den nye lovteksten er arbeidsgjevar pliktig til å syte for å legge tilrette for eit godt ytringsklima i verksemda. Arbeidsgjevar skal utarbeide rutinar for intern varsling eller sette i verk tiltak som legg tilhøva til rette for intern varsling om kritikkverdige tilhøve i verksemda.

01.06.07.   I rettleiinga og på faktasidene kan du lese meir om varsling, arbeidstakars rett til å seie frå, arbeidsgjevars ansvar, vern mot hemn, kva for tiltak som skal settast i verk og ei huskeliste for arbeidsgjevar. 

Rettleiinga kan lastast ned som pdf.

Faktasida om varsling av kritikkverdige tilhøve finn du her.

Epostadressa vår er: landbrukstenester.nordfjord@n-lt.no