Ansvarsforsikring




Ansvarsforsikringa gir god økonomisk støtte for skader som kan skuldast avløysaren. Forsikringa er gjeldande for samtlege av våre medlemmar, og omfattar: 

  • Erstatningssum pr. skade 10 mill. 20 mill. totalt pr. år
  • Familieavløysing er dekka på lik linje med andre.
  • Forsikringen omfattar i tillegg tenester innan bygdeservice og vikarformidlingverksemd. Entreprenørverksemd er utvida til å omfatta graving, peling, spunting, sprenging og bruk av eksp. masse.
  • Dekningsområde gjeld og motorvogn, traktor og arbeidsmaskiner dersom bilansvarslova ikkje trer inn. Eigendel er kr. 4000,-.
  • Vikartenester kr. 4000,-. For entreprenørverksemd kr. 15.000,-. For utvida entreprenørverksemd som nemnd i kulepunkt 3, kr. 100.000.-

Varme arbeider utanom faste, spesielt tilrettelagte arbeidsplassar skal bare utførast av personar som har gyldig sertifikat for varme arbeider.

Den sikra (avløysarlaget/landbrukstenesten) pliktar å sørgje for at deira underentreprenørar teiknar eigen gyldig ansvarsforsikring på minimum 150G, som omfattar underentreprenøren sine kontraktsarbeider.

Vi gjer merksam på at dette er ei ansvarsforsikring og ikkje ein tabbe- kaskoforsikring. Det må føreliggja ansvar hjå arbeidstakar for utbetaling.

Forsikringa omfattar arbeidsgjevars erstatningsansvar for økonomisk tap som skuldast ting- eller personskader som vert konstatert av den sikra eller skadelidde i forsikringstida og som er voldt under utøving av den verksemda som er oppgjeve i forsikringsbeviset, under dette ansvar som eigar eller brukar av fast eigedom som vert nytta i verksemda. Det er viktig å presisere at dersom avløysar av oppdragsgivar blir pålagt arbeid utanfor det avtalte arbeidsområdet, eller vert sett til arbeid vedkommande ikkje er sertifisert/kvalifisert til, vil ansvarsdekninga til laget falle bort.

Frist for å melde sak: 1 år frå det tidspunkt den sikra fekk kunnskap om dei forhold som grunna kravet mot selskapet.

NB! Produktoversikta er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår.



Yrkesskadeforsikring

 

Hovudregelen er at arbeidet, så langt som mogeleg, skal vera relatert til landbruket. Dersom ein er i tvil om arbeidet ein arbeidstakar vert sett til er dekka av yrkesskadeforsikringa, skal det takast kontakt med laget på førehand. Døme på arbeid som ikkje er dekka er arbeid på sjøen, t.d. fiske. Det er full dekning sjølv om utlønning skjer i ettertid. Dekningsområde og erstatning er etter lov om yrkesskade frå 16.juni 1989.

Dekningsområde

Skadar/sjukdomar som den forsikra kan bli påført under utøving av arbeidet sitt, i arbeidstida, og på arbeidsstaden. Rikstrygdeverket avgjer om skaden/sjukdommen er relatert til yrke. Forsikringa er frå 01.05.2010 utvida til også å dekkje ulukker som skjer på direkte reise til og frå arbeid i den grad skaden ikkje er dekka under Lov om Yrkesskadeforsikring. Om ein arbeidstakar utfører arbeidet på anna stad enn den faste arbeidsstaden, erstattas ulukker som skjer på reisa direkte mellom heim og arbeids-/oppdragsstaden. Med reise direkte mellom heim og arbeidsstad/oppdragsstad meiner ein den ruta som regelmessig vert nytta frå heim til arbeidsstaden og omvent.

Dersom skade skjer i forbindelse med ulukke der bilansvarsloven trer inn, og det er utbetalt erstatning, vil det bli gjort fradrag krone for krone i erstatningsoppgjeret.

Påførte utgifter og framtidige utgifter, tapt inntekt

Påførte utgifter fram til oppgjerstidspunktet, vert erstatta individuelt,
jf. skadeerstatningslovens § 3-1.
Framtidige utgifter fram til oppgjerstidspunktet, vert erstatta individuelt,
jf. skadeerstatningslovens § 3-1.
Tapt inntekt i tida fram til oppgjerstidspunktet, vert erstatta individuelt,
jf. skadeerstatningslovens § 3-1.

Tapt framtidig inntekt

Eingongserstatning for framtidige inntektstap.
Grunnlaget for berekninga av det er den pensjongjevande inntekt i året før skaden eller sjukdommen vart konstatert. Jf. folketrygdloven § 6-4.

Menerstatning

Skattefri eingongsutbetaling som utbetalast ved medisinsk invaliditet. Forsikringa er frå 01.05.2010 utvida til også å dekkje invaliditetsgrad frå 1-15%.

Dødsfall

Erstatning utbetalast til ektefelle/registrert partnar/sambuar. I tillegg til erstatning for den som er forsikra, vil det bli utbetalt ei eiga erstatning til barn, og eit gravferdsbidrag på 0,5 G.

NB! Produktoversikta er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår.