Årsmøte i Landbrukstenester Nordfjord 2008
Torsdag 02. april kl. 20.00 på Nordfjord Hotell
Sakliste:
Sak 1: Opning v/styreleiar Per Ingvar Langeland
Sak 2: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 3: Val av skrivar og to til å skrive under møteboka
Sak 4: Årsmelding og rekneskap for 2008 – revisjonsmelding
Sak 5: Val.
Sak 6: Arbeidsplan for 2009
Sak 7: Budsjett for 2009
Sak 9: Innkomne saker
Sak 10: Ymse
Årsmelding ligg vedlagt, medan resultatrekneskap kan hentast på kontoret, ring for å få det tilsendt eller lastast ned frå www.nordfjord.landbrukstenester.no
Vi oppmodar medlemane våre til å kome på årsmøtet.
Enkel servering. Vel møtt !!
Tone H. Sørland Per Ingvar Langeland
Årsmelding Landbrukstenester Nordfjord driftsåret 2008
Årsmøtet for 2007 vart halde i peisstova med Per Ingvar Langeland, det var ein triveleg møteplass.
Det var 11 medlemar som møtte opp.
Leiar Per Ingvar Langeland opna møtet og ynskte vel møtt. Innkalling og sakliste vart godkjend. Per Ingvar Langeland vart vald til møteleiar. Tone Sørland vart vald til å skrive referat. Knut Tore Nes Hjelle og Ole Martin Rafshol skreiv under møteboka.
Årsmeldinga vart godkjent. Rekneskapen vart lagt fram av Tone Sørland. Etter orientering og ein spørsmålsrunde vart rekneskapen godkjend. Revisjonsmeldinga vart opplest.
Styret har vore slik samansett i 2008
Per Ingvar Langeland 1 år, leiar
Magnus Endal 2 år
Gunvald Hildenes 1 år,
Odd Runshaug 1 år
Kåre Aardal 2 år
Sigridur Ketilsdottir vald av og blant dei tilsette
Varamedlemmer:Unn Henden 1år, attval
Anders Alsaker 1år, attval
Valnemnd:
Gustav Orheim 1 år leiar
Jonas Rimstad 2 år
Idar Dombestein 3 år
Anne Inger Moen vara
Revisor: Lid Revisjon & Rådgivning, Bergen
Det er ingen endring i godtgjersle for styreleiar
Drift:
Landbrukstenester Nordfjord er eit andelslag (BA), med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande kapital og medlemstal. Medlemane heftar berre med sitt partsinnskot for gjelda til laget. Laget dekkjer Eid, Bremanger og Vågsøy kommunar, og laget sin administrasjon ligg på Nordfjordeid. Laget driv med rekruttering av arbeidskraft, teneste- og rettleiingstilbod og det som høyrer med.
Landbrukstenester Nordfjord hadde ved årsskiftet 232 medlemar, med arbeidsgjevaransvar for 194 av dei. Det er utført ca. 24 årsverk
Styret har i 2008 hatt 3 styremøter. Styreleiar har i tillegg vore på kontoret med jamne mellomrom.
I haust var dagleg leiar og Sigridur Ketilsdottir til Bergen på haustsamling. Her vart det mykje informasjon og livleg diskusjon om den nye landbruksvikarordninga, og humørbonden Geir Styve prøvde å inspirere til positiv tenking. Styret/styreleiar/dagleg leiar har jobba mykje med landbruksvikarordninga. Vi må seie oss særs nøgde med det vi har fått til. Vi har beredskap kvar dag heile året i alle 3 kommunane. Utfordringa for styret var økonomien i denne ordninga, men i 2008 gjekk det fint, vi løyvde pengar.
Økonomi:
Vi har sendt brev til alle medlemane for å kartlegge interessa for oppdrag og/eller tenesteyting til samfunnet for øvrig. Her er det berre fantasien som set grenser. Styret meiner at ved å fakturere tenester gjennom laget vårt, med eit rimeleg påslag, kan styrke økonomien både for laget og medlemane.
Vi annonserte med vikartenester i vår/sommar og vi fekk noko respons. Vi hadde ein del oppdrag til snikkaren og litt på hagearbeid og transport. Vi fekk marknadsført oss og så får vi håpe på vidareutvikling komande år.
Vi har kjøpt inn pilotjakker til avløysarane, landbruksvikarane og styret. Desse skal vere med å profilere oss ute.
Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk. Dei unntaksreglar som gjeld for små føretak er brukt der ikkje anna er vist i notar.
Etter styret si oppfatning gjev årsrekneskapen eit korrekt bilete av laget sin situasjon og resultat pr. 31.12.2008 er kr 141.619.
Forutsetningane er til stades for fortsatt drift, og det viser igjen i rekneskapen.
Arbeidsmiljø:
Arbeidsmiljøet er etter styret si oppfatning godt. Avløysarane har hatt ein kursdag med Nordfjord Bedriftshelseteneste, med fokus på vernerunde – brannførebygging – bonden i sjukdom og krise.
Sjukefråværet har vore lavt. Det har ikkje skjedd skader eller ulukker med tilsette.
Ytre Miljø.
Laget forurensar ikkje det indre eller det ytre miljø av noko betydning.
Likestilling:
Laget har 280 tilsette, fordelt på 108 kvinner og 172 menn. Laget si holdning er likebehandling av kjønna i alle faser av arbeidet. Styret ser ikkje det som nødvendig å gjennomføre spesielle tiltak for å fremje likestilling, eller for å forhindre forskjellsbehandling i strid med lov om likestilling mellom kjønna.
Avløysarane:
Vi har lønsmeldt 280avløysarar. Brutto utbetalt løn: kr 6.527.263.
Forskotstrekk/skatt: kr 1.358.214
Vi har den same stabile gjengen med faste avløysarar, i tillegg har vi nokre freelanserar og landbruksvikarar i beredskap. Det er svært dyktige folk vi har! Dei har tidvis litt for lite oppdrag frå bøndene.
Avløysarane er innmeldt i landbrukshelsa, og får god oppfølging der. Arbeidsmiljøet blir sett på som godt og det vert stadig sett inn tiltak til forbetring. Det sosiale arbeidsmiljøet er utfordrande, for det er eit einsamt yrke.
I desember vart det årlege julebordet halde på Nordfjord Hotell.
Alle avløysarane og landbruksvikrane skal ta kurset i dyrevelferd hos sau og storfe.
Laget sine arbeidsoppgåver:
Den viktigaste oppgåva vår er å tilby bøndene kvalifisert arbeidskraft når dei har bruk for det. Vi skal prøve å bidra til å skape trivsel og tryggleik for bonden og hans familie slik at dei kan få ferie, fritid og tryggleik under sjukdom.
I velferdsordningane er det to viktige faktorar; økonomisk tilskot og tilgang på arbeidskraft.
Dårlegare likviditet i næringa har ført til ujamn avløysing gjennom året. Dette fører til «panikkavløysing» på slutten av året, og dermed ujamn sysselsetjing. På denne måten får vi ikkje kvalifisert arbeidskraft til å bli.
Avløysarlaga er i dag hovudleverandør av arbeidskraft til landbruket, og vi må levere eit godt produkt. Rekruttering og opplæring er viktig, og det krevst profesjonalitet både til personalhandsaming og oppfølging av reglar og forskrifter.
Nordfjordeid, 16. mars 2009
Per Ingvar Langeland Magnus Endal Kåre Aardal
styreleiar nestleiar/styremedl styremedl
Gunvald Hildenes Odd Runshaug Sigridur Ketilsdottir
styremedlem styremedlem tilsettrepr.