Årsmøte i Landbrukstenester Nordfjord 2007


 


Torsdag 17. april kl. 20.00  i peisstova til Per Ingvar Langeland


 


Sakliste:


                                 Sak 1:  Opning v/styreleiar Per Ingvar Langeland


                                         Sak 2:  Godkjenning av innkalling og sakliste


                                                            Sak 3:  Val av skrivar og to til å skrive under møteboka


                                                            Sak 4:  Årsmelding og rekneskap for 2007 – revisjonsmelding


                                                            Sak 5:  Val.


                                                Sak 6:  Arbeidsplan for 2008


                                                            Sak 7:  Budsjett for 2008


 Sak 8:  Vedtektsendring – gjeld endring av instruks for     valnemd


                                                Sak 9:  Innkomne saker


                                                Sak 10: Landbruksvikarordninga


 


               


Årsmelding ligg vedlagt, medan resultatrekneskap kan hentast på kontoret, ring for å få det tilsendt eller lastast ned frå  www.nordfjord.landbrukstenester.no


 


Vi oppmodar medlemane våre til å kome på årsmøtet. 


 


Enkel servering.                 Vel møtt !!


 


Tone H. Sørland                              Per Ingvar Langeland


 


 


Årsmelding Landbrukstenester Nordfjord driftsåret 2007


 


Årsmøtet for 2006 vart halde i Orheimstunet på Stårheim 26 april 2007.


Det var 6 medlemar som møtte opp.


 


Leiar Ole Martin Rafshol opna møtet og ynskte vel møtt. Innkalling og sakliste vart godkjend. Ole Martin Rafshol vart vald til møteleiar. Kari Rogdo vart vald til å skrive referat Alle møtedeltakarane skreiv under møteboka.


 


Årsmeldinga vart godkjent. Rekneskapen vart lagt fram av Tone Sørland. Etter orientering og ein spørsmålsrunde vart rekneskapen godkjend. Revisjonsmeldinga vart opplest.


 


Valnemda hadde svikta så det låg ikkje føre noko framlegg til nytt styre. Dette førte til at det måtte haldast nytt ekstraordinært årsmøte onsdag 23 mai kl 20.00. Dette MÅ vi prøve å unngå for framtida. Det fører til ekstra og unødige kostnader.


 


Val av styre for 2007:


Per Ingvar Langeland                               2 år,            leiar for eitt år  


Magnus Endal                                          1 år


Rolf Sundal                                              1 år     


Gunvald Hildenes                                     2 år,


Odd Runshaug                                         2 år


Sigridur Ketilsdottir                               vald av og blant dei tilsette


 


Varamedlemmer:Unn Henden            1år,            attval
                    
Anders Alsaker            1år,            attval


 


 


 


Valnemnd:


Rune Nordbotten                  1 år            leiar


Gustav Orheim                      2 år


Jonas Rimstad                       3 år


 


Idar Dombestein                  vara


 


Revisor:                                   Lid Revisjon & Rådgivning, Bergen


 


Det vart vedteke at leiaren av laget skal ha ei godtgjerdsle på kr 6.000 pr år.


 


 


 


 


Drift:


 


Landbrukstenester Nordfjord er eit andelslag (BA), med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande kapital og medlemstal. Medlemane heftar berre med sitt partsinnskot for gjelda til laget. Laget dekkjer Eid, Bremanger og Vågsøy kommunar, og laget sin administrasjon ligg på Nordfjordeid. Laget driv med rekruttering av arbeidskraft, teneste- og rettleiingstilbod og det som høyrer med.


 


Landbrukstenester Nordfjord hadde ved årsskiftet 254 medlemar, med arbeidsgjevaransvar for 202 av dei. Det er utført ca. 25,5 årsverk


 


Styret har i 2007 hatt 2styremøter. Styreleiar har i tillegg vore ein tur på kontoret ca kvar 3 veke.


 


I slutten av oktober var dagleg leiar og styreleiar i Bergen på haustsamling. Her vart det mykje informasjon og livleg diskusjon om den nye landbruksvikarordninga, som skal innførast i løpet av 2008. Styret arbeider med denne saka. Utfordringa for styret er som vanleg det økonomiske.


 


 


Økonomi:


 


Vi har sendt brev til alle medlemane for å kartlegge interessa for oppdrag og/eller tenesteyting til samfunnet for øvrig. Her er det berre fantasien som set grenser. Styret meiner at ved å fakturere tenester gjennom laget vårt, med eit rimeleg påslag, kan styrke økonomien både for laget og medlemane.


Dette har gjeve lite respons.


Styret arbeider for å få «noko» til. Inntil vidare har vi sett oss tvinga til å auke påslaget til 8 %.


 


Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk. Dei unntaksreglar som gjeld for små føretak er brukt der ikkje anna er vist i notar.


Etter styret si oppfatning gjev årsrekneskapen eit korrekt bilete av laget sin situasjon og resultat pr. 31.12.2007.


Forutsetningane er til stades for fortsatt drift, og det viser igjen i rekneskapen.


 


 


Arbeidsmiljø:


Arbeidsmiljøet er etter styret si oppfatning godt. Avløysarane har hatt ein kursdag med Nordfjord Bedriftshelseteneste, med fokus på vernerunde – brannførebygging – bonden i sjukdom og krise.


Dagleg leiar har fullført HMS kurs for leiarar som den nye arbeidsmiljølova krev.


Sjukefråværet har vore ca 0,2 %. Det har ikkje skjedd skader eller ulukker med tilsette.


 


 


 


 


 


Ytre Miljø.


Laget forurensar ikkje det indre eller det ytre miljø av noko betydning.


 


 


 


Likestilling:


Laget har 284 tilsette, fordelt på 89 kvinner og 195 menn. Laget si holdning er likebehandling av kjønna i alle faser av arbeidet. Styret ser ikkje det som nødvendig å gjennomføre spesielle tiltak for å fremje likestilling, eller for å forhindre forskjellsbehandling i strid med lov om likestilling mellom kjønna.


 


 


 


Avløysarane:


 


Vi har lønsmeldt 284 avløysarar. Brutto utbetalt løn: kr 6.196.876.


Forskotstrekk/skatt: kr 1.243.323


 


Vi har den same stabile gjengen med faste avløysarar, i tillegg har vi nokre «step in» avløysarar som har mykje å gjere. Det er svært dyktige folk vi har!


Avløysarane er innmeldt i landbrukshelsa, og får god oppfølging der. Arbeidsmiljøet blir sett på som godt og det vert stadig sett inn tiltak til forbetring. Det sosiale arbeidsmiljøet er utfordrande, for det er eit einsamt yrke.


I desember vart det årlege julebordet halde på Nordfjord Hotell.


Her vart det ei markering av at Trygve Modolv Lade har passer 25 år som avløysar i laget vårt. Han fekk ein kniv med inskripsjon. Styret har òg foreslege Lade som «årets avløysar».


 


 


                                              


Laget sine arbeidsoppgåver:


 


Den viktigaste oppgåva vår er å tilby bøndene kvalifisert arbeidskraft når dei har bruk for det. Vi skal prøve å bidra til å skape trivsel og tryggleik for bonden og hans familie slik at dei kan få ferie, fritid og tryggleik under sjukdom.


I velferdsordningane er det to viktige faktorar; økonomisk tilskot og tilgang på arbeidskraft.


Dårlegare likviditet i næringa har ført til ujamn avløysing gjennom året. Dette fører til «panikkavløysing» på slutten av året, og dermed ujamn sysselsetjing. På denne måten får vi ikkje kvalifisert arbeidskraft til å bli.


Avløysarlaga er i dag hovudleverandør av arbeidskraft til landbruket, og vi må levere eit godt produkt. Rekruttering og opplæring er viktig, og det krevst profesjonalitet både til personalhandsaming og oppfølging av reglar og forskrifter.


 


 


 


Nordfjordeid, 31. mars 2008


 


 


 


Per Ingvar Langeland                                Magnus Endal                           Rolf Sundal


styreleiar                                                   nestleiar/styremedl                    styremedl


 


 


 


Gunvald Hildenes                                   Odd Runshaug                     Sigridur Ketilsdottir


styremedlem                                         styremedlem                            tilsettrepr.


 


 


 


Tone Haugland Sørland


dagleg leiar