Årsmøte i Landbrukstenester Nordfjord 2006 Sakliste: Sak 2: Godkjenning av innkalling og sakliste Sak 3: Val av skrivar og to til å skrive under møteboka Sak 4: Årsmelding og rekneskap for 2006 Sak 5: Val. Sak 6: Arbeidsplan for 2007 Sak 7: Budsjett for 2007 Sak 8: Innkomne saker Årsmelding ligg vedlagt, medan resultatrekneskap kan hentast på kontoret og det er lagt ut til ettersyn desse stadane: Vi oppmodar medlemane våre til å kome på årsmøtet. Enkel servering. Vel møtt !! Årsmøtet for 2005 vart halde i FRAM, Stårheim 26 april 2006. Det var 9 medlemar frå LTN, to frå Bremanger avløysarlag og 6 frå styret i tillegg til dagleg leiar som møtte opp. Leiar Ole Martin Rafshol ynskte vel møtt og opna årsmøtet. Innkallinga vart godkjend og saklista vart endra og sidan samrøystes godkjend. Ole Martin Rafshol vart vald til møteleiar. Tone Sørland vart vald til å skrive referat, Per Gunnar Gilleshammer og Rolf Sundal skulle skrive under møteboka. Årsmelding og rekneskap vart etter litt orientering og ei spørsmålsrunde ilag med revisjonsmeldinga samrøystes godkjent. Med det var Landbrukstenester Nordfjord i si dåverande form avslutta sidan ein før jul i ekstraordinært årsmøte hadde gjort vedtak om å fusjonere med Bremanger avløysarlag. Ein starta så med å godkjenne innkalling og sakliste til skipingsmøte for det fusjonerte laget. Ole Martin Rafshol vart vald til møteleiar, Tone Sørland til skrivar. Per Gunnar Gilleshammer og Rolf Sundal vart valde til å skrive under møteboka. Vedtektene til det nye laget vart vedtekne med ei endring i §8. Val av styre for 2006: Ole Martin Rafshol, 1år, attval som leiar for eitt år Rolf Sundal 2år, attval Bjørn Haugland 1år, Kristian Nave 1år, Magnus Endal 2år, Sigridur Ketilsdottir vald av og blant dei tilsette Varamedlemmer:Unn Henden 1år, attval Anders Alsaker 1år, attval Valnemnd: Peder Ole Maurstad 1år, Jostein Espelund 2år, Rune Nordbotten 3år, Gustav Orheim vara Revisor: Lid Revisjon & Rådgivning, Bergen Drift: Landbrukstenester Nordfjord er eit andelslag (BA), med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande kapital og medlemstal. Medlemane heftar berre med sitt partsinnskot for gjelda til laget. Laget dekkjer Eid, Bremanger og Vågsøy kommunar, og laget sin administrasjon ligg på Nordfjordeid. Laget driv med rekruttering av arbeidskraft, teneste- og rettleiingstilbod og det som høyrer med. Fusjonen med Bremanger Avløysarlag har styrka laget sitt tilbod til medlemmane og eigenkapitalen. Landbrukstenester Nordfjord hadde ved årsskiftet 279 refunderbare medlemar, det er utført ca. 36 årsverk Styret har i 2006 hatt 3 styremøte. I tillegg har styreleiar og dagleg leiar hatt god kontakt. Av sakene ein har arbeidd med kan ein nemne: Ole Martin, Kari, Kristian og Tone reiste til dei årlege regionsamlingane i Bergen i haust. Med dei store endringane som skjer no er det viktig at styret er godt informert om dei utfordringane vi står framføre. Tone H. Sørland og Ole Martin Rafshol er to av i alt tre som er valde til å representere Sogn og Fjordane i årsmøta til Norske Landbrukstenester. Styret gjorde vedtak om å godta tilbodet om rimelege heimesider for medlemslaga i NLT frå Thinkpage. Laget er no å finne på internett på adressa: www.nordfjord.landbrukstenester.no. Frå 1. juni har Tone H. Sørland (60%)og Kari Rogdo (20%) delt ei 80% stilling som dagleg leiar. Tone H. Sørland har vore sjukmeld deler av året, dette har vi prøvt å finne brukbare løysingar på. Styret beklagar om det har skapt problem for medlemmane. For å få eit betre arbeidsmiljø for dagleg leiar vart det kjøpt inn nye kontormøblar til kontoret. Ommøbleringa og monteringa vart gjort på dugnad av styremedlemmar. Laget arbeider for å auke kvinneprosenten i styret. Miljø. Laget forurensar ikkje det indre eller det ytre miljø. Avløysarane: Vi har lønsmeldt 315 avløysarar. Brutto utbetalt løn: kr 7.025119. Forskotstrekk/skatt: kr 1.280.374 Vi har den same stabile gjengen med faste avløysarar, i tillegg har vi nokre «step in» avløysarar som har mykje å gjere. Det er svært dyktige folk vi har, dei er gull verdt ! Vi har eit lavt sjukefråvær og vi har heldigvis ikkje hatt yrkesskader og ulukker i 2006. Avløysarane er innmeldt i landbrukshelsa, og får god oppfølging der. Arbeidsmiljøet blir sett på som godt og det vert stadig sett inn tiltak til forbetring. Det sosiale arbeidsmiljøet er utfordrande, for det er eit einsamt yrke. Vi har det årvisse julebordet som dei deltek på. Økonomi: Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk. Dei unntaksreglar som gjeld for små føretak er brukt der ikkje anna er vist i notar. Årsoppgjeret er gjort under føresetnad om framleis drift. Til grunn for det ligg ein tilfredstillande og positiv eigenkapital. Partskapitalen er kr 40.900, der kvar part er på kr 100. Ved overdraging av bruket kan parten overførast til ny brukar. Avløysinga i laget utgjer ca 36 årsverk. I tillegg kjem administrasjon på 0,8 årsverk. Det er ikkje spesielle ytingar til leiande personale. Lønn dagleg leiar kr 242.000. Laget har i 2006 innført innskotsbasert obligatorisk tenestepensjon for tilsette i høve ny lov. Styreleiar har ei godtgjersle på kr 1000.- Revisor har ei godtgjersle på kr 27299.- Underskot for året 2006 vart kr -21.352.- Betaleleg skatt kr. 5112.- Styret foresler at årsunderskotet på kr. 21.352.- vert dekka av posten annen eigenkapital. Laget sine arbeidsoppgåver: Den viktigaste oppgåva vår er å tilby bøndene kvalifisert arbeidskraft når dei har bruk for det. Vi skal prøve å bidra til å skape trivsel og tryggleik for bonden og hans familie slik at dei kan få ferie, fritid og tryggleik under sjukdom. I velferdsordningane er det to viktige faktorar; økonomisk tilskot og tilgang på arbeidskraft. Dårlegare likviditet i næringa har ført til ujamn avløysing gjennom året. Dette fører til «panikkavløysing» på slutten av året, og dermed ujamn sysselsetjing. På denne måten får vi ikkje kvalifisert arbeidskraft til å bli. Avløysarlaga er i dag hovudleverandør av arbeidskraft til landbruket, og vi må levere eit godt produkt. Rekruttering og opplæring er viktig, og det krevst profesjonalitet både til personalhandsaming og oppfølging av reglar og forskrifter. Styret vil få takke dei to daglege leiarane for innsatsen i eit utfordrande arbeidsår. Oversikt over dei viktigaste arbeidsoppgåvene til Landbrukstenester Nordfjord i 2007. Betre økonomien i laget. Vi må jobbe aktivt for å få til eit tilfredstillande driftsgrunnlag. Vi må få fleire medlemar. Starte opp eit prosjekt om arbeidskraftformidling til fleire kundegrupper enn i dag. ·Avløysarane Viktig å sende avløysarane på kurs, dette er lærerikt og sosialt og avløysarane skal vere med å bestemme kva kurs som er aktuelle. Avløysarane skal takast med i diskusjonar som vedkjem deira arbeidssituasjon. Dei har ein representant i styret i laget. ·Kurs I tillegg til avløysarane så skal både dagleg leiar og tillitsvalde kursast. Dagleg leiar kjem til å delta på dei felles kursopplegga som er laga for denne gruppa. Det er planlagd eit kurs på Nordfjordeid i mai for daglege avl.lagsleiarar i Sogn og Fjordane. ·Landbrukshelsa Vi har allereie eit godt samarbeid med Jorun Hilde & co i Landbrukets HMS- teneste, og vi skal prøve å vidareutvikle dette samarbeidet. Det har vist seg at både medlemane våre og avløysarane våre har god hjelp/ nytte av denne tenesta. ·Profilering/heimeside Oppdatere foldaren/ brosjyra vi har laga om laget, og vidareutvikle den heimesida vi har fått oss. Elektroniske timelister skal bli klare i 2007 og vi vil oppfordre medlemmane til å nytte dei nett-tenestene som blir utvikla framover. ·Fusjon i Nordfjord Vi må halde oppe tankane om fusjon mellom to eller fleire avløysarlag i Nordfjord. Nordfjordeid, 12. april 2007 Ole Martin Rafshol Rolf Sundal Bjørn Haugland Styreleiar Kristian Nave Magnus Endal Sigridur Ketilsdottir Tone H. Sørland Dagleg leiar
Onsdag 26. april kl. 20.00 i Orheimstunet på Stårheim
Sak 1: Opning v/styreleiar Ole Martin Rafshol
Servicekontoret – Eid kommune, Teknisk kontor – Vågsøy kommune og landbruksavdelinga i Bremanger kommune.
Tone H. Sørland Ole Martin Rafshol
Årsmelding Landbrukstenester Nordfjord driftsåret 2006
Arbeidsplan for 2007