Årsmøte i Landbrukstenester Nordfjord 2005


 


Onsdag 26. april kl. 20.00  i Fram på Stårheim


 


Sakliste:


         Sak 1:          Opning v/styreleiar Ole Martin Rafshol

        Sak 2:          Godkjenning av innkalling og sakliste


         Sak 3:          Val av skrivar og to til å skrive under møteboka


         Sak 4:          Årsmelding og rekneskap for 2005


         Sak 5:          Val, valnemnda i vårt lag og Bremanger legg fram eit felles forslag


Sak 6:          Arbeidsplan for 2006


         Sak 7:          Budsjett


Sak 8:          Debatt om fusjon/ vegval for framtida til laget. Mogleg nedlegging av                                          kontoret på Nordfjordeid. Mandat til styret.


         Sak 9: Innkomne saker


               


Årsmelding ligg vedlagt, medan resultatrekneskap kan hentast på kontoret og det er lagt ut til ettersyn desse stadane:


Forvaltningsavdelinga,  Eid kommune og Teknisk kontor, Vågsøy kommune.


 


Vi oppmodar medlemane våre til å kome på årsmøtet.  Vi treng medlemane si støtte, og vi treng at de møter opp og er med på ein konstruktiv diskusjon i ei vanskeleg tid for laget.


 


Enkel servering.              Vel møtt !!


 


Tone H. Sørland                                         Ole Martin Rafshol

 


 


Årsmelding


Landbrukstenester Nordfjord driftsåret 2005


 


Årsmøtet for 2004 vart halde i Orheimstunet, Stårheim 21 april 2005.


Det var 5 medlemar og 5 frå styret i tillegg til dagleg leiar som møtte opp.


 


Leiar Ole Martin Rafshol ynskte vel møtt og opna årsmøtet. Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent og Ole Martin Rafshol vart vald til møteleiar. Tone Sørland vart vald til å skrive referat, og alle frammøtte skulle skrive under møteboka.


 


Årsmelding, rekneskap og revisjonsmelding vart samrøystes godkjent.  Det vart diskutert litt korleis ein skulle løyse problemet med at vi tek oss av sjukdomsavløysinga utan å få det godtgjort.  Styret vart oppmoda om å ta kontakt med kommuna og prøve og få til ei løysing.


 


Punktet i arbeidsplanen  om samarbeid/ fusjon i Nordfjord skapte ein del diskusjon. Styret fekk støtte til å gå vidare i saka. Elles vart arbeidsplanen samrøystes godkjend.


 


Under budsjetthandsaminga kom det opp forslag om å innføre renteberekning av uteståande summar. Dette vart samrøystes godkjent. Saka om innføring av medlemspengar vart teken inn i denne saka slik at budsjettet vart godkjend under føresetnad av innføring av kr. 300.- i medlemspengar.


Val:                  Ole Martin Rafshol, leiar,      2 år  attval,  1 år som leiar


                        Rolf Sundal                              1 år


                        Bjørn Haugland                       2 år  attval


                        Asbjørn Manseth                     1 år


Kari Rogdo                             1 år  


Kristian Nave                          2 år   ny i styret


 


1 vara              Unn Henden                            1 år  attval


2 vara              Anders Alsaker                       1 år  attval


 


Valnemnd:        Peder Ole Maurstad                1 år


                        Mona Åsebø                           2 år


                        Jostein Espelund                      3 år


                        Gustav Orheim             vara


 


Revisor:           Konsulentbyrået J. Jentoft AS, Bergen


 


Der var ingen innkomne saker til årsmøtet. Møtet vart avrunda med litt prat rundt kaffi og kaker.


 


Drift:


 


Landbrukstenester Nordfjord er eit andelslag med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande kapital og medlemstal. Medlemane heftar berre med sitt partsinnskot for gjelda til laget. Laget dekkjer Eid og Vågsøy kommunar, og laget sin administrasjon ligg på Nordfjordeid.


 


Styret har i 2005 hatt 4 styremøte, derav eitt felles ilag med Bremanger avløysarlag. I tillegg har styreleiar og dagleg leiar hatt ein del telefonkontakt.


Av sakene ein har arbeidd med kan ein nemne:


Under jordbruksforhandlingane vart administrasjonstilskotet for 2006 teke vekk og styret søkte difor Eid Kommune og fekk innvilga eit tilskot for 2006 på kr. 70.000.-. Dette er som ei økonomisk hjelp til å kome seg gjennom 2006, vi har difor dette året på oss til å finne ei meir varig løysing på korleis vi skal kunne finansiere drifta.


Styret i Bremanger avløysarlag avgjorde at dei ville fusjonere med oss med verknad frå 1/1 2006. Vi har difor arbeidd ein del med fusjonsavtalen, vedtektene, arbeidsavtalar m.m. Fusjonen vart samrøystes godkjend i ekstraordinære årsmøter i begge laga i november.


 


”Av og til kjem menneske i ein situasjon der livet blir tungt, og vanskane blir for tunge å bære åleine. Dette gjeld også i landbruket”


På bakgrunn av ei konkret sak, der dei impliserte i ettertid såg trongen for at etatane burde utveksle meir informasjon kalla Jorunn Hilde i Landbrukets HMS- teneste inn til eit nettverksmøte i Stryn. Ho samla etatar i Nordfjord som Mattilsyn, Landbrukskontor, Trygdekontor, Helse og sosialkontor, avløysarlag og bedriftshelsetenesta.  Vi var samde om å  prøve å få til eit nettverk ute på bygdene som skulle hjelpe bønder som er i ein vanskeleg eller krisesituasjon. Teieplikta set strenge grenser for utveksling av informasjon så eit konkret samarbeid var vanskeleg å få til. Dette er likevel ei sak vi lyt arbeide vidare med.


Avløysarlaga i Nordfjord har vore samla 3 gonger for å diskutere samarbeid / fusjon. Ein valde ei arbeidsgruppe, Klemet Bø, Anne Berit Selle og Ole Martin Rafshol som utarbeidde ein rapport som fortalde at det var ei innsparing pr. år på kr. 445.000.- på å gå i hop til eitt lag og med eitt kontor. Ein var samde om å legge saka fram for handsaming på årsmøta i laga no til våren og så samlast igjen når ein veit kor mange som vil vere med i ein fusjon frå 1.1.2007.


Vi har og fått utarbeidd ei brosjyre som fortel kva  Landbrukstenester Nordfjord driv med og ho er utsend til alle medlemmane.


 


Ole Martin, Kari, Roy Andre og Tone reiste til dei årlege regionsamlingane i Bergen i haust. Med dei store endringane som skjer no er det viktig at styret er godt informert om dei utfordringane vi står framføre.


Det er enklare å få styret til å forstå at ein lyt gjere ein del grep no for å sikre laget si framtid etter å ha vore på ei slik samling.


Norske Landbrukstenester la fram eit forslag til Norgeskart med berre 30 avløysarlag att i landet, i Sogn og Fjordane såg dei føre seg tre lag.


 


Landbrukstenester Nordfjord hadde ved årsskiftet 195 refunderbare medlemar, 24 færre enn året før.  Vi har mista 50 medlemmer eller 20% av medlemmane på tre år og når utgiftene sakte kryp oppover enda det opp med eit årsunderskot på kr. 144.567,36.


Økonomien i laget må likevel  seiast å vere god, med ein eigenkapital i % av omsetning på


10 %. Men det er tredje året på rad at vi går med underskot.  Dette skuldast i hovudsak lav rente, reduksjon av medlemmar, men også kraftig reduksjon i administrasjonstilskotet som for 2006 no er historie. Vi kjem attende til dette under årsmøtet og på arbeidsplanen.


Forutsetninga for drift av avløysarlaget er god i og med så god eigenkapital, men vi må gjere nokre grep i 2006.


 


Avløysarane:


 


Vi har lønsmeldt 288 avløysarar.


Brutto løn kr 5.650.000.          Forskotstrekk/skatt betalt med kr 1.200.000


 


Vi har den same stabile gjengen med faste avløysarar, i tillegg har vi nokre «step in» avløysarar som har mykje å gjere. Det er svært dyktige folk vi har, dei er gull verdt !


Når det gjeld sjukdomsavløysing, har «step in» avløysarane gjort ein kjempeinnsats. Vi var oppe i fire bønder som var sjukmelde på ein gong, med andre ord ei utfordring for dagleg leiar å skaffe avløysarar. Vi har eit lavt sjukefråvær og vi har heldigvis ikkje hatt skader og ulukker.


Avløysarane er innmeldt i landbrukshelsa, og får god oppfølging der. I  haust arrangerte dei eit fyrstehjelpskurs for avløysarane. Dette er ei god «forsikring» for oss som arbeidsgjevar.


Det sosiale arbeidsmiljøet er utfordrande, for det er eit einsamt yrke. Vi har det årvisse julebordet som dei deltek på.


 


Økonomi:


 


Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk. Dei unntaksreglar som gjeld for små føretak er brukt der ikkje anna er vist i notar.


 


Partskapitalen er kr 30.900, der kvar part er på kr 100.  Ved overdraging av bruket kan parten overførast til ny brukar.


Avløysinga i laget utgjer ca 25 årsverk. I tillegg kjem administrasjon i 0,8 årsverk.


Det er ikkje spesielle ytingar til leiande personale.


Lønn dagleg leiar kr 249.402 , ingen pensjonsordningar.


Styreleiar har ei godtgjersle på kr 1000.        Revisor har ei godtgjersle på kr 19725.-


 


Underskot for året 2005 vart               -144567,36


Betaleleg skatt                                          0


Ordinært resultat                                 -144567,36


 


Som de ser så er underskotet høgt og betyr at vi må gjere nokre grep i 2006.


                                              


Dagleg leiar har ført rekneskapen til Bremanger Avløysarlag og fått velfortent skryt for det. Det har vore mykje arbeid med å skaffe avløysarar til dei mange sjukdomsavløysingane.
Dagleg leiar har merka uvissa over fusjonsforhandlingane i Nordfjord som kan bety at ho må flytte på seg eller bli sagd opp.


Arbeidsoppgåver:


 


Den viktigaste oppgåva vår er å tilby bøndene kvalifisert arbeidskraft når dei har bruk for det. Vi skal prøve å bidra til å skape trivsel og tryggleik for bonden og hans familie slik at dei kan få ferie, fritid og tryggleik under sjukdom. For at vi skal få dette til er det viktig med eit nært samarbeid mellom bonde og avløysarlag.


I velferdsordningane er det to viktige faktorar; økonomisk tilskot og tilgang på arbeidskraft.


Dårlegare likviditet i næringa har ført til ujamn avløysing gjennom året. Dette fører til «panikkavløysing» om sommaren og på slutten av året, og dermed ujamn sysselsetjing. På denne måten får vi ikkje kvalifisert arbeidskraft til å bli. Det er den enkelte bonde som bestemmer kor godt velferdsordningane skal fungere og kor god jobb avløysarlaget kan gjere.


 


Avløysarlaga er i dag hovudleverandør av arbeidskraft til landbruket, og vi må levere eit godt produkt. Rekruttering og opplæring er viktig, og det krevst profesjonalitet både til personalhandsaming og oppfølging av reglar og forskrifter.


 


Administrasjonstilskotet er no teke vekk og renta er framleis lav. Laget må på ein eller annan måte kompensere for dette inntektstapet.


 


Styret vil til slutt takke  Bremanger Avl. Lag for samarbeidet i 2005 og ikkje minst for ei ryddig linje i fusjonsprosessen.


Styret vil og få takke dagleg leiar for innsatsen i eit utfordrande arbeidsår.


 


 


Arbeidsplan for 2006


 


Oversikt over dei viktigaste arbeidsoppgåvene til Landbrukstenester Nordfjord i 2006.


 


·        Betre økonomien i laget, innføre Obligatorisk tenestepensjon.


Vi må jobbe aktivt for å få til eit tilfredstillande driftsgrunnlag. Vi må få fleire medlemar. Få alle medlemane til å nytte laget, og ta kontakt med dei bøndene som ikkje nyttar laget frå Eid, Bremanger og Vågsøy i dag. Obligatorisk tenestepensjon er og noko vi må ordne i 2006.


 


 


·        Avløysarane


Viktig å sende avløysarane på kurs, dette er lærerikt og sosialt og avløysarane skal vere med å bestemme kva kurs som er aktuelle.


Avløysarane skal takast med i diskusjonar som vedkjem deira arbeidssituasjon. Dei har ein representant på styremøta i laget.


 


·        Kurs


I tillegg til avløysarane så skal både dagleg leiar og tillitsvalde kursast.


Å utdanne styremedlemane er ei av dei viktigaste oppgåvene for å klare å ta utfordringane vi står overfor i avløysarlaga. Eit aktivt og «oppegåande» styre er alfa og omega. Dagleg leiar kjem til å delta på dei felles kursopplegga som er laga for denne gruppa.


 


·        Landbrukshelsa


Vi har allereie eit godt samarbeid med Jorun Hilde & co i Landbrukets HMS- teneste, og vi skal prøve å vidareutvikle dette samarbeidet. Det har vist seg at både medlemane våre og avløysarane våre har god hjelp/ nytte av denne tenesta.


Arbeide vidare med å få til eit nettverk som kan ta seg av bønder i krise.


                                              


·        Profilering


Kva er Landbrukstenester Nordfjord ? Oppdatere foldaren/ brosjyra vi har laga, og evt. melde laget på tilbodet om rimeleg heimesidemal for dei lokale avløysarlaga i NLT.


 


·        Fusjon i Nordfjord


Vi må delta aktivt i forhandlingane om fusjon mellom avløysarlaga i Nordfjord. Halde god kontakt med Eid Kommune slik at vi har dei med oss når det gjeld tilbod om gode vilkår for å få lagt ei kontorplassering til Nordfjordeid.