Årsmøte i Landbrukstenester Nordfjord 2004
Torsdag 21. april klokka 20.00 i
Orheimstunet på Stårheim
Sakliste:
Sak 1: Opning v/styreleiar Ole Martin Rafshol
Sak 2: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 3: Val av skrivar og to til å skrive under møteboka
Sak 4: Årsmelding for 2004
Sak 5: Rekneskap for 2004
Sak 6: Arbeidsplan for 2005
Sak 7: Budsjett
Sak 8: Val
Sak 9: Medlemskontingent
Sak 10: Innkomne saker
Sak 11: Aktuelt innslag
Årsmelding ligg vedlagt, medan resultatrekneskap er lagt ut til ettersyn desse stadane:
Forvaltningsavd. Eid kommune Teknisk kontor, Vågsøy kommune
Vi oppmodar medlemane våre til å kome på årsmøtet. Det blir utfordrande tider når det gjeld drift av avløysarlaga, men vi må prøve å finne positive og kreative løysingar. Vi treng medlemane si støtte, og vi treng at de møter opp og er med på ein konstruktiv diskusjon.
Enkel servering.
Vi ynskjer vel møtt !!
Tone H. Sørland Ole Martin Rafshol
Landbrukstenester Nordfjord driftsåret 2004
Årsmelding
Årsmøtet for 2003 vart halde i Kulturhuset Gamlebanken, 21 april 2004.
Det var berre 3 medlemar som møtte i tillegg til styret.
Leiar Ole Martin Rafshol ynskte vel møtt og opna årsmøtet. Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent og Ole Martin Rafshol vart vald til møteleiar. Tone Sørland vart vald til å skrive referat, og alle frammøtte skreiv under møteboka.
Årsmelding, rekneskap (nokre oppklarande spørsmål ) og revisjonsmelding vart samrøystes godkjent. Det vart diskutert litt kring underskotet.
Budsjettet vart gått igjennom post for post, og samrøystes godkjent.
Kurs for både avløysarar og tillitsvalde vart peika på som svært viktig. Vi har ein stabil gjeng med avløysarar og desse må vi ta godt vare på. Kurs er nyttig for alle partar.
Val: Valresultatet vart slik:
Ole Martin Rafshol, leiar, 1 år 1 år som leiar
Rolf Sundal 2 år
Bjørn Haugland 1 år
Asbjørn Manseth 2 år
Jarl Rune Hagen 1 år
Kari Rogdo 2 år ny
1 vara Unn Henden 1 år
2 vara Anders Alsaker 1 år
Valnemnd:
Knut Tore Nes Hjelle 1 år
Peder Ole Maurstad 2 år
Mona Åsebø 3 år
Gustav Orheim vara
Revisor: Konsulentbyrået J. Jentoft AS, Bergen
Der var ingen innkomne saker til årsmøtet.
Møtet vart avrunda med litt prat rundt kaffi og kaker.
Drift:
Landbrukstenester Nordfjord er eit partslag med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande kapital og medlemstal. Medlemane heftar berre med sitt partsinnskot for gjelda til laget. Laget dekkjer Eid og Vågsøy kommunar, og laget sin administrasjon ligg i Nordfjordeid.
Styret har i 2004 hatt 3 styremøter. I tillegg har styreleiar og dagleg leiar hatt ein del telefonkontakt.
Sakene har dreia seg mest om økonomiske spørsmål og praktiske ting kring dette, medlemsverving , kurs og korleis takle framtida til laget.
Landbrukstenester Nordfjord hadde ved årsskiftet 219 refunderbare medlemar, 9 færre enn året før. Dette skuldast samanslåingar til samdrift og nedlegging av gardsbruk. Det kom ein del nedlegging etter at det kom krav om momspliktig omsetnad over 30.000 for å få produksjons- og avløysartilskot.
Økonomien i laget må seiast å vere god, med ein eigenkapital i % av omsetninga på 11,5 %.
Men det er andre året på rad at vi går med underskot. Dette skuldast i hovudsak den lave renta, men også kraftig reduksjon i administrasjonstilskotet. Vi må sjå nøye på dette, og finne gode løysingar både på kort og lang sikt.
Føresetnaden for drift av avløysarlaget er god i og med ein så god eigenkapital, men vi kan ikkje drive med underskot i mange år.
Haustsamlinga var i år også delt inn i regionsvise samlingar. Vi er i region vest i lag med Hordaland og Møre og Romsdal. Samlinga var i Bergen november. Styreleiar og dagleg leiar reiste. Det var lærerike dagar. Desse samlingane er miljøskapande for tillitsvalde og daglege leiarar. Her får vi diskutere kvardagsproblematikk og vi får oppdatert oss på nye ting. Bakdelen med dette opplegget er at avløysarane ikkje får vere med lenger.
No har vi hatt eit år i lag med Gilde og Tine, og denne samlokaliseringa vart den suksessen som vi håpa på. Vi har den same kontaktgruppa, og vi ser at brukarane set pris på dette samarbeidet også.
Avløysarane:
Vi har lønsmeldt 317 avløysarar.
Brutto løn kr 5.576.620
Forskotstrekk/skatt betalt med kr 1.268.960
Vi har den same stabile gjengen med faste avløysarar, i tillegg har vi nokre «step in» avløysarar som har mykje å gjere. Det er svært dyktige folk vi har, dei er gull verdt !
Når det gjeld sjukdomsavløysing, som vi har fått meir føling med etter «landbruksvikaren`s fall», der har «step in» avløysarane gjort ein kjempeinnsats.
Vi har eit lavt sjukefråvær og vi har heldigvis ikkje hatt skader og ulukker.
Når det gjeld arbeidsmiljøet til avløysarane så er det eit spesielt tema. Miljøet på garden er det bonden som har ansvar for, samtidig som vi som arbeidsgjevar har eit ansvar. Avløysarane er innmeldt i landbrukshelsa, og får god oppfølging der. Dette er ei god «forsikring» for oss som arbeidsgjevar.
Det sosiale arbeidsmiljøet er utfordrande, for det er eit einsamt yrke. Vi har det årvisse julebordet, og vi prøvar å skipe til lokale kurs.
I år var det den dyktige psykologen Per Steinar Melås som tok føre seg kriser på ulike nivå. Dette var eit ynskje frå avløysarane, som av og til kjem opp i slike situasjonar rundt om på gardane.
Økonomi:
Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk. Dei unntaksreglar som gjeld for små foretak er brukt der ikkje anna er vist i notar.
Partskapitalen er kr 30.800, der kvar part er på kr 100.
Ved overdraging av bruket kan parten overførast til ny brukar.
Avløysinga i laget utgjer ca 25 årsverk. I tillegg kjem administrasjon i 0,8 årsverk.
Det er ikkje spesielle ytingar til leiande personale.
Lønn dagleg leiar kr 236.780 , ingen pensjonsordningar.
Styreleiar har ei godtgjersle på kr 1000.
Revisor har ei godtgjersle på kr 15.000-20.000
Underskot for året 2004 vart -76.736
Betalbar skatt 0
Ordinært resultat -76.736
Som de ser så er underskotet ein realitet, men ikkje uventa. På arbeidsplanen må vi legge føringane på korleis vi skal få auka inntektene våre.
I år 2000 var renteinntekta kr 142.578, og e.k. i % av omsetning 6,5 %.
I år 2001 var renteinntekta kr 220.127, og e.k. i % av omsetning 7,52 %.
I år 2002 var renteinntekta kr 199.293, og e.k. i % av omsetning 11,28 %
I år 2003 « 117.713, 12,59 %
I år 2004 « 46.041, 11,48 %
Rentenedgangen er positiv for bøndene, men for avløysarlaget så betyr dette at medlemane sitt «rentebidrag» er vekk. Innskotsrenta i banken er pr. i dag ca 1%.
Litt av gevinsten medlemane får på lav rente, må de nok dele med avløysarlaget, ved at vi aukar påslaget.
Dagleg leiar har fått auka arbeidsmengd og dermed kostnadsauke, i og med at Eid Kommune sa opp landbruksvikaren. Dette er ein jobb vi har god forutsetning til å gjere, men manglar inntening på det. Her bør vi få til ei ordning.
Arbeidsoppgåver:
Den viktigaste oppgåva vår er å tilby bøndene kvalifisert arbeidskraft når dei har bruk for det. Vi skal prøve å bidra til å skape trivsel og tryggleik for bonden og hans familie slik at dei kan få ferie, fritid og tryggleik under sjukdom. For at vi skal få dette til er det viktig med eit nært samarbeid mellom bonde og avløysarlag.
I velferdsordningane er det to viktige faktorar; økonomisk tilskot og tilgang på arbeidskraft.
Dårlegare likviditet i næringa har ført til ujamn avløysing gjennom året. Dette fører til «panikkavløysing» om sommaren og på slutten av året, og dermed ujamn sysselsetjing. På denne måten får vi ikkje kvalifisert arbeidskraft til å bli. Det er den enkelte bonde som bestemmer kor godt velferdsordningane skal fungere og kor god jobb avløysarlaget kan gjere.
Krav til omstilling av landbruket ser ikkje ut til å ha nokon ende. Heile tida kjem det nye innspel. Men vi må prøve å gjere det beste ut av det.
Avløysarlaga er i dag hovudleverandør av arbeidskraft til landbruket, og vi må levere eit godt produkt. Rekruttering og opplæring er viktig, og det krevst profesjonalitet både til personalhandsaming og oppfølging av reglar og forskrifter.
Administrasjonstilskotet blir redusert og renta er på eit historisk lavt nivå. Laget må på ein eller annan måte kompensere for dette inntektstapet.
Arbeidsplan for 2005
Arbeidsplan er ei oversikt over dei viktigaste arbeidsoppgåvene til Landbrukstenester Nordfjord i 2005.
· Betre økonomien i laget
Vi må jobbe aktivt for å få opp inntektene i laget.
Vi må få fleire medlemar. Få alle medlemane til å nytte laget, og ta kontakt med dei ca. 25 bøndene som ikkje nyttar laget frå Eid og Vågsøy i dag.
Samarbeid med andre lag? Avløysarlaga i Nordfjord var 8. mars 2005 samla for å diskutere utvida samarbeid eller fusjon. På landsplan fusjonerast det i stor stil, og det ser ut til å halde fram. Vi må ha dette i tankane, enten vi vil eller ikkje.
Vi har våren 2005 inngått ein avtale med Bremanger avløysarlag om føring av rekneskapet deira frå 1. januar 2005 og andre avtala oppgåver. Vi får ha som mål å få dei til å fusjonere med oss frå 1. januar 2006.
· Avløysarane
Sidan avløysarane ikkje får vere med på haustsamlingane lenger, er det enda viktigare å få sendt dei på andre kurs. Dette er lærerikt og sosialt, og avløysarane skal vere med å bestemme kva kurs som er aktuelle.
Avløysarane skal takast med i diskusjonar som vedkjem deira arbeidssituasjon. Dei har ein representant på styremøta i laget.
· Kurs
I tillegg til avløysarane så skal både dagleg leiar og tillitsvalde kursast.
Å utdanne styremedlemane er ei av dei viktigaste oppgåvene for å klare å ta utfordringane vi står overfor i avløysarlaga. Eit aktivt og «oppegåande» styre er alfa og omega. Dagleg leiar kjem til å delta på dei felles kursopplegga som er laga for denne gruppa. Dagleg leiar på Eid er ansvarleg for ei samling av denne gruppa i fylket i løpet av våren. Samlinga blir lagt til Eid.
· Landbrukshelsa
Vi har allereie eit godt samarbeid med Jorun Hilde & co i Landbrukets HMS teneste, og dette vil vi gjerne byggje vidare på. Ordninga har vist seg å fungere godt, og vi skal prøve å vidareutvikle dette samarbeidet. Det har vist seg at både medlemane våre og avløysarane våre har god hjelp/nytte av denne tenesta.
· Profilering
Kva er Landbrukstenester Nordfjord ? Vi bør lage ein folder/brosjyre, og heimeside slik at folk kan bli kjende med oss.
Samarbeide med naboavløysarlaga når vi skal profilere oss.