Årsmøte i Landbrukstenester Nordfjord 2003


 


Onsdag 21. april klokka 20.00  i


Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid


 


Sakliste:


         Sak 1:        Opning v/styreleiar Ole Martin Rafshol


         Sak 2:        Godkjenning av innkalling og sakliste


         Sak 3:        Val av skrivar og to til å skrive under møteboka


         Sak 4:        Årsmelding for 2003


         Sak 5:        Rekneskap for 2003


         Sak 6:        Arbeidsplan for 2004


         Sak 7:        Budsjett


         Sak 8:        Val


         Sak 9:        Innkomne saker


 


 


Årsmelding ligg vedlagt, medan resultatrekneskap er lagt ut til ettersyn desse stadane:


                   Forvaltningsavd. Eid kommune


Coop Stårheim


«Butikken Vår» i Kjølsdalen


Coop Bryggja


Teknisk kontor, Vågsøy kommune


 


Vi oppmodar medlemane våre til å kome på årsmøtet. Det blir svært utfordrande tider når det gjeld drift av avløysarlaga, men der må vi prøve å finne positive og kreative løysingar. Vi treng medlemane si støtte, og vi treng at de møter opp og er med på ein konstruktiv diskusjon.


 


Enkel servering


Vel møtt !!


 


 


Tone H. Sørland                                      Ole Martin Rafshol


                                                                  sign.


 


Landbrukstenester Nordfjord driftsåret 2003


Årsmelding


 


Årsmøtet for 2002 vart halde i Kjølsdalen Samfunnshus, 3 april 2003.


Det var 7 medlemar som møtte i tillegg til styret.


 


Leiar Rolf Sundal ynskte vel møtt og opna årsmøtet. Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent og Rolf Sundal vart vald til møteleiar. Tone Sørland vart vald til å skrive referat, og alle frammøtte skreiv under møteboka.


 


Årsmelding, rekneskap (nokre oppklarande spørsmål ) og revisjonsmelding vart samrøystes godkjent.  Budsjettet vart gått igjennom post for post, og med ei endring på køyregodtgjersle for styremedlem vart budsjettet samrøystes godkjent.


 


Styret sitt forslag om å auke dagleg leiar si stilling frå 60 % til 80 %, vart samrøystes godkjent.


 


Det var ein lenger diskusjon kring landbruksvikarordninga. Dette kom opp fordi Eid kommune har sagt opp den kommunalt tilsette landbruksvikaren.


Det vart ingen vedtak i denne saka, men styret fekk i oppgåve å følje med på utviklinga framover.


 


Val:                            Forslaget til valnemnda vart samrøystes godkjent. Valresultatet vart slik:


                        Ole Martin Rafshol, leiar,          2 år     1 år som leiar


                        Rolf Sundal                                     1 år


                        Bjørn Haugland                             2 år


                        Brita Nyttingnes                           1 år


Asbjørn Manseth                          1 år


Jarl Rune Hagen                           2 år


1 vara                       Unn Henden                       1 år


2 vara                       Anders Alsaker                   1 år


 


Valnemnd:  Ove Heggen, leiar


                        Berge Leite                         1 år


                        Knut Tore Nes Hjelle          2 år


                        Gustav Orheim                 vara


 


Revisor:         Konsulentbyrået J. Jentoft AS, Bergen


 


 


Der var ingen innkomne saker til årsmøtet.


Møtet vart avrunda med litt prat rundt kaffi og kaker.


 


 


Drift:


 


Styret har i 2003 hatt 3 styremøter. I tillegg har styreleiar og dagleg leiar hatt ein del telefonkontakt.


Sakene har dreia seg mest om samlokalisering og praktiske ting kring dette, kurs for ungdomar og korleis takle framtida i laget.


 


Landbrukstenester Nordfjord hadde ved årsskiftet 228 refunderbare medlemar, 18 færre enn året før.  Dette skuldast samanslåingar til samdrift og nedlegging av gardsbruk.  Det kom ein del nedlegging etter at det kom krav om momspliktig omsetnad over 30.000 for å få produksjons- og avløysartilskot.


 


Økonomien i laget må seiast å vere god, med ein eigenkapital i % av omsetning på 10,5 %. Men det er fyrste året på lang tid at vi går med underskot.  Dette skuldast i hovudsak den lave renta.  Vi må sjå nøye på dette, og finne gode løysingar både på kort og lang sikt.


 


Haustsamlinga vart i år delt inn i regionsvise samlingar. Vi er i region vest i lag med Hordaland og Møre og Romsdal. Samlinga var i Bergen oktober. Styreleiar og dagleg leiar reiste. Det var to lærerike dagar. Bakdelen med dette opplegget er at avløysarane ikkje får vere med lenger.


 


Samlokalisering med Tine, Gilde, Landbrukstenester og landbr. relaterte stillingar i Eid Kommune har vore ei «varm potet» i haust. Det enda med at dei 3 tilsette i Gilde bestemte seg for å flytte til lokala «våre» i Almenningen 1. Dette skjedde rundt årsskiftet.


 


 


Avløysarane:


 


Vi har lønsmeldt 337 avløysarar.


Brutto løn kr 5.760.335


Forskotstrekk/skatt betalt med kr 1.235.401


 


Vi har den same stabile gjengen med faste avløysarar, i tillegg har vi nokre «step in» avløysarar som har mykje å gjere. Det er svært dyktige folk vi har, dei er gull verdt !


Når det gjeld sjukdomsavløysing, som vi har fått meir føling med etter «landbruksvikaren`s  fall», har «step in» avløysarane gjort ein kjempeinnsats.


 


Vi hadde 14 unge avløysarar på kurs i haust, og vi håpar å få god nytte av dei framover.  Det var god respons på dette kurset.


 


 


 


 


 


 


Økonomi:


 


Underskot for året 2003 vart    -81.117


Betalbar skatt                                        0


Ordinært resultat                                   -81.117


 


Som de ser så er underskotet ein realitet, men ikkje uventa.  På arbeidsplanen må vi legge føringane på korleis vi skal få auka inntektene våre.


 


 


 


Arbeidsoppgåver:


 


Den viktigaste oppgåva vår er å tilby bøndene kvalifisert arbeidskraft når dei har bruk for det. Vi skal prøve å bidra til å skape trivsel og tryggleik for bonden og hans familie slik at dei kan få ferie, fritid og tryggleik under sjukdom. For at vi skal få dette til er det viktig med eit nært samarbeid mellom bonde og avløysarlag.


I velferdsordningane er det to viktige faktorar; økonomisk tilskot og tilgang på arbeidskraft.


Dårlegare likviditet i næringa har ført til ujamn avløysing gjennom året. Dette fører til «panikkavløysing» om sommaren og på slutten av året, og dermed ujamn sysselsetjing. På denne måten får vi ikkje kvalifisert arbeidskraft til å bli. Det er den enkelte bonde som bestemmer kor godt velferdsordningane skal fungere og kor god jobb avløysarlaget kan gjere.


 


Krav til omstilling av landbruket ser ikkje ut til å ha nokon ende. Heile tida kjem det nye innspel, det siste er «Landbruk Pluss». Men vi må prøve å setje oss inn i desse ideane, og kanskje klarar vi å drage noko positivt ut av det.


Avløysarlaga er i dag hovudleverandør av arbeidskraft til landbruket, og vi må levere eit godt produkt. Rekruttering og opplæring er viktig, og det krevst profesjonalitet både til personalhandsaming og oppfølging av reglar og forskrifter.


 


Administrasjonstilskotet blir redusert og renta er på eit historisk lavt nivå. Laget må på ein eller annan måte kompensere for dette inntektstapet.


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


Arbeidsplan for 2004


 


 


Arbeidsplan er ei oversikt over dei viktigaste arbeidsoppgåvene til Landbrukstenester Nordfjord i 2004.


 


·        Betre økonomien i laget


Vi må jobbe aktivt for å få opp inntektene i laget. Positivitet og kreativitet hand i hand bør kunne gje resultat. Her ligg blant anna store moglegheiter i Bygdeservice konseptet. Vi må få fortgang i den bygdeservicebedrifta vi allereie har i kommunen, og her ligg ein god del kontortenesteinntekter for laget.


 


·        Avløysarane


Sidan avløysarane ikkje får vere med på haustsamlingane lenger, er det enda viktigare å få sendt dei på andre kurs. Dette er lærerikt og sosialt, og avløysarane skal vere med å bestemme kva kurs som er aktuelle.


Frå 1 mai vil tilgangen på utanlandsk arbeidskraft bli endra. Denne arbeidskrafta kan då verte ein større del av arbeidskrafta i norsk landbruk. Vi håpar å få til ordna forhold på dette.


 


·        Kurs


I tillegg til avløysarane så skal både dagleg leiar og tillitsvalde kursast.


Å utdanne styremedlemane er ei av dei viktigaste oppgåvene for å klare å ta utfordringane vi står overfor i avløysarlaga. Eit aktivt og «oppegåande» styre er alfa og omega. Dagleg leiar kjem til å delta på dei felles kursopplegga som er laga for denne gruppa.


 


·        Landbrukshelsa


Vi har allereie eit godt samarbeid med Jorun Hilde & co i Landbrukets HMS teneste, og dette vil vi gjerne byggje vidare på. Ordninga har vist seg å fungere godt, og vi skal prøve å vidareutvikle dette samarbeidet. Det har vist seg at både medlemane våre og avløysarane våre har god hjelp/nytte av denne tenesta.