Landbrukstenester Nordfjord

Norske Landbrukstjenester kåra ni personar til årets avløysar på landsbasis. På haustsamlinga på Gardermoen var Roy Andre Høynes Bruvoll ein av dei som fekk denne utmerkinga. Vi gratulerer og legg ut begrunninga for å foreslå han under biletet.
 

Roy Andre H. Bruvoll

er fødd 1 august 1974

Han vart registrert som arbeidstakar i Eid Avløysarlag, som var firmanamnet

då, 1 januar i 1991, som ferie og fritidsavløysar med familien.

Etter endt skulegang / utdanning vart han tilsett som ringavløysar i 1997. I

denne ringen har han jobba 100% stilling og han er der framleis.

Roy Andre har blitt den kunnskapsrike, sjølvstendige og engasjerte klippa i

«gjengen»

Han held seg oppdatert og er glad i å lære nye ting.  Han har vore verneombud

for avløysarane i mange år og har vore styrerepresentant i fleire periodar.

Roy Andre har vist ved fleire høve å vere svært ansvarsbevisst. Dette viser seg

godt i dei vanskelege sakene våre, som det blir fleire og fleire av år for år.

Ein del av stillinga hans er blitt til landbruksvikar. Jammen er vi glad for å ha

han til å sende ut på dei utfordrande oppdraga.

På fritida er han politisk engasjert. Dette har han styrt med både som ungdom

og vaksen. I denne perioden er han leiar for kontrollutvalet i kommuna vår.

I tillegg er han gift med ei strålande dame, Susanne, ho er sosionom og veldig

engasjert i bl.anna 4H. Saman har dei 2 barn.

Dei har bygd hus på Roy Andre sin heimgard, og skal overta den etter kvart.

Landbrukstenester Nordfjord er arbeidsgivar for denne karen, og ynskjer å

nominere han som ÅRETS AVLØYSAR.

Tone Haugland Sørland

Dagleg leiar