Viktig – søknadsfrist 15 oktober

Det er to søknadsfristar i løpet av året, og kvar søknadsfrist har telledato som høyrer til. Den fyrste telledatoen var 1 mai (søknadsfrist 15 mai). Andre telledato er 1 oktober (søknadsfrist 15 oktober). Det blir IKKJE gjeve dispensasjon frå telledatoen. Utbetaling av tilskota du søkjer på blir i februar 2018.

Den nye ordninga for søknad på ferie og fritidstilskot kan virke litt forvirrande. Ramma vert tildelt etter snittet av dyretal frå søknad mai og oktober. Maksimalt tilskot er som før kr. 74 200.

I vedlagde rekneark kan du legge inn dine tal, og få utrekna tilskotet ditt. Du søkjer om avløysartilskotet uansett no, sjølv om du ikkje har nytta alt enno. Innan 10 januar kan du etterregistrere opplysningar (viss du evt. ikkje har brukt det du har søkt om).

Viss du ikkje nyttar avløysarlaget, men skal søkje ut frå faktura: Tilskotet blir gitt for avløysarutgifter utan moms. Om fakturaen også gjeld andre varer eller tenester, må alt dette spesifiserast på fakturaen. Sidan det ikkje blir gjeve tilskot til leige av maskiner eller andre varer som blir nytta må fakturaen spesifisere kva som er utgift til leige av personale og kva som er utgifter til maskinleige osv. Dette til orientering.

Oversikt over når man søkjer om kva tilskot:

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.