Landbruksvikar

 

Landbruksvikar 

Ved akutt sjukdom og krise har vi ei overordna målsetting om 100% beredskap. Beredskapsordninga vi i dag benyttar er Landbruksvikar. Landbruksvikar er dei siste åra blitt ein viktig tryggleiksfaktor for bonden og ikkje minst for den generelle dyrevelferden.

For at landbruksvikarordninga skal fungere, og vi kan tilby stabil og god beredskap, er det nødvendig at ordninga fungerar med nokre retningslinjer:

  •  Ta kontakt med lagets kontor for å høyre om det er ledig avløysar. Unngå å ring direkte til landbruksvikaren. Sjukdom og kriser vil alltid bli prioritert først.
  •  Ved langvarig sjukdom kan vi bistå med å setje opp turnusplan med fleire avløysarar.
  • Det er ikkje krav om å være medlem i Landbrukstenester Nordfjord for å benytte landbruksvikar. Vi har plikt til å hjelpe så godt som vi kan. Plikta er avgrensa til å gjelde ein periode på 14 dagar.
  • For å oppretthalde stabil og god beredskap er vi avhengige av at bøndene benyttar lagets avløysarar også utanom sjukdom og kriser (f.eks ferie/fritidsavløysing). Dette for å få drifta til å gå rundt.
  • Vi oppmodar bøndene til å danne avløysarringar. Ved å ha ein fast tilsett avløysar, bidrar det til god beredskap ved eventuell sjukdom i ringen.
  • Klede/støvlar til landbruksvikaren må være tilgjengeleg på garden, på same vis som til veterinær.

Landbruksvikarordninga er til for bonden si skuld, og er forhandla fram gjennom jordbruksoppgjøret av bonden. Ei utfordring for avløysarlaga er å få bøndene til å nytte landbruksvikar også utanom sjukdom og kriser. Ved ledig kapasitet kan landbruksvikar nyttast til vanleg avløysing eller andre oppdrag, og vi oppmodar bøndene til dette for å sikre sysselsetjing blant landbruksvikarane. Her har både laget og bonden eit ansvar – samarbeid er stikkordet for å lukkast.

 

Ditt lokale vikarbyrå

For å få betre driftsgrunnlag, må laget auke inntektene. Dette har vore peika på i fleire år. Kom gjerne med innspel på dette. Vi er registrert som bemanningsbyrå, så vi kan i teorien leige ut kven og til kva vi vil, berre vi har riktig kunnskap.