Landbr.vikarordninga

     Ny Landbruksvikarordning frå 2008
Her er ei orientering om korleis vi har løyst oppgåva i Landbrukstenester Nordfjord.
Frå 1 januar 2008 er ansvaret for landbruksvikarverksemda overført frå kommunane til avløysarlaga. Dei kommunane som i dag har tilsett landbruksvikar vil få tilskot ut 2008. Frå 1 januar 2009 er det avløysarlaga sitt ansvar å tilby ei landsdekkjande beredskapsordning ved sjukdom/krise hos bonden. 


Norske Landbrukstenester i lag med avløysarlaga har i fleire år etterlyst ei betre beredskapsordning ved sjukdom. I jordbruket sitt krav til forhandlingane er det dei siste åra fremja forslag om ei endring i ordninga. Forslaget har bakgrunn i at det er blitt færre årsverk landbruksvikar i kommunane. I tillegg har ikkje avløysarlaga kunne gå inn på denne ordniga i dei kommunane som ikkje har hatt landbruksvikar. Den nye ordniga skal sikre at alle føretak skal ha lik tilgang til ei beredskapsordning ved sjukdom/krise. Ordninga skal vere landsdekkjande og alle føretak som har rett på tilskot under sjukdom skal, så langt råd er, få hjelp.

I denne samanheng er det viktig at det blir etablert ei vaktordning med stabile landbruksvikarar som kan tre inn på kort varsel. Ei utfordring for avløysarlaga er å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. I ein stram arbeidsmarknad må laga kunne tilby landbruksvikarane konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår. Då er ein avhengig av stabil finansiering. Det er også ei utfordring at bøndene er flinke til å nytte LV slik at dei er sikra sysselsetjing. Ved ledig kapasitet kan LV nyttast til vanleg avløysing eller andre oppdrag. Sjølv om det er avløysarlaga som er sett til å administrere den nye ordninga, er det ikkje knytt krav til medlemsskap i avløysarlaget for å få tilgang på LV. Det er avløysarlaget som skal ha arbeidsgjevaransvaret for LV og som står for fakturering av kostnaden til bonden. Det er Statens Landbruksforvaltning og Fylkesmannen som bestemmer og tildelar antal årsverk. 

Landbrukstenester Nordfjord fekk 1,8 årverk i 2009, dette er auka til 2,05 i 2017. For bonden og avløysarlaga har den nye landbruksvikarordninga vore ei utfordring. Men etter nokre år ser vi at dette fungerer. Utfordringa er at tilskotssatsane ikkje beveger seg i takt med lønnsutviklinga og kostnadsutviklinga generelt. Det er viktig at alle partar yter sitt om ein skal få til ei teneleg løysing. Viktige forutsetningar for å lykkast er ei stabil finansiering og tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Om partane i jordbruksforhandlingane får på plass gode tilskotsordningar er det opp til avløysarlaga og bonden, i samarbeid, å skape gode arbeidsplassar i distrikta. Dette er ei utfordring som næringa må lykkast med.


Landbruksvikarar 


Vi har har hatt ulike løysingar når det gjeld tilsetjingar. Det viser seg at å tilsetje landbruksvikarar i faste stillingar ikkje fungererer for oss. Dei blir ikkje nok nytta til andre ting når dei ikkje er på LV oppdrag. Då blir det ei alt for dyr løysing for laget. No har vi Kari Songedal i Bremanger, ho er freelanser og er i beredskap for sjukdomsoppdrag. I Eid og Vågsøy har vi fast tilsette avløysarar som ikkje har full stilling til å bruke som LV. Elles har vi mange ringar og då har dei ringmedlemane «sikra» seg hjelp også ved sjukdom. 
 Landbruksvikaren tingar du gjennom avløysarkontoret. Ikkje ring direkte til landbruksvikaren.

Telefonnummeret er det same både på dag – kveld- og helgar:   Tlf   47 68 03 60

 

Korleis skal vi saman få til ein velfungerande beredskap ?
Forskrifta stiller ingen krav om at bøndene skal bruke landbruksvikar ved sjukdom, likevel er det nødvendig å kome med nokre ynskje for å få ordninga til å fungere etter formålet:·        Ved sjukdom bør du alltid ta kontakt med laget sitt kontor for å høyre om det er ledig landbruksvikar. Er det ledig LV, bør denne nyttast så langt som råd.·        For å oppretthalde ein stabil beredskap, må bøndene vere villig til å nytte LV til anna avløysing/arbeid.·        Ordninga er til for bonden si skuld, og er forhandla fram gjennom jordbruksoppgjøret av bonden. Avløysarlaget er eigd av same gruppa. Her har både laget og bonden eit ansvar og ein jobb som skal gjerast – samarbeid er stikkordet for å lukkast. Klede/støvlar til landbruksvikaren må vere tilgjengeleg på garden, på same vis som til veterinær. 


Ditt lokale vikarbyrå
For å få eit betre driftsgrunnlag, må laget auke inntektene. Dette har vore peika på i fleire år. Kom gjerne med innspel på dette. Vi er registrert som bemanningsbyrå, så vi kan i teorien leige ut kven og til kva vi vil, berre vi har riktig kunnskap.



Landbrukstenester Nordfjord
Tone H. Sørland,   dagleg leiar                                         Inge Kjell Lindvik     Styreleiar