Kva kan vi tilby våre medlemmar ?

 

Gode avløysarar og velferdsordningar er viktig for dyrevelferden 

Uavhengig av kva del av landet ein bur i, skal bøndne føle seg trygge på at dei får det same tilbodet. Landbrukstenester Nordfjord arbeider for å sikre den norske bonden sin etterspurnad etter kvalifisert arbeidskraft til ei kvar tid. Det vere seg ferie og fritid, hjelp ved sjukdom og ikkje minst i krisesituasjonar. Vi ufører ei teneste for den norske bonden, men òg på oppdrag frå avtalepartane i landbruket. Det medfører eit ansvar for kvalitet i alle ledd. Vår hovedoppgåve er nettopp det – å arbeide for å tilby bøndene tenester av høg kvalitet. Først og fremst for å dekke behovet for kvalifisert arbeidskraft. Vi har som mål å «levere på oppdraget». Det innebærer eit fokus på fagleg kvalifiserte tilsette som blir oppmodna til både kurs og etterutdanning.

 

Kva kan vi tilby våre medlemmar ? 

  • Dekker kunden sin etterspurnad etter kvalifisert arbeidskraft.
  • Landbruksvikar. 100% beredskap ved akutt sjukdom og kriser.
  • Godt HMS arbeid ilag med oppdragsgjevar, definert gjennom oppdragsgjevaravtalen.
  • Sikre at lovpålagte krav blir oppfulgt.
  • Avløysing ferie og fritid.
  • Sjukdomsavløysing og avløysing ved svangerskap og fødsel.
  • Jobbe for å prioritere velferdsordningane ved å sikre rekruttering og for å ha eit landbruk over heile landet.
  • Sikre at bonden får informasjon om reglar og rettighetar i velferdsordningane.
  • Lønn- og personalarbeid med tilhøyrande rapporteringar.
  • Kontaktledd mellom bonde og avløysar.
  • Lokalkunnskap.
  • Gode forsikringsordningar
    Avløysaren blir automatisk forsikra.
    Ansvarsforsikringa vi tilbyr er meir komplett enn standar ansvarsforsikring som forsikringsselskapa tilbyr.
    Utvida yrkesskadeforsikring. Er utvida til å gjelde når ein reiser til og frå arbeid, samt gir erstatning ved invaliditetsgrad frå 1 – 100%.
    Medlemspris på forsikringar som helseforsikring, reiseforsikring, fritidsforsikring, styreansvarforsikring, formuetapsforsikring, kriminalitetsforsikring
    og konsernbilforsikring.