Kurs i bruk av Webtemp

30 mai arrangerer vi kurs i bruk av Webtemp – den nye løysinga vår for eit komplett system for handtering av kundar, medlemar og tilsette.

Vi tar kontoret, fellesarealet og møterommet i bruk.

Hiv dokke rundt og meld dokke på !!

Vi køyrer kurs «heile dagen » med start 12:30 og 19:00

Innarbeidinga av denne nye løysinga vil ta litt tid, men vi ser eit stort potensial på sikt.

Mulighetane i Webtemp er mange, men på kurset denne dagen ynskjer vi at

Avløysaren skal lære å registrere timelister elektronisk

Bonden skal lære å godkjenne og signere timelistene elektronisk

Bonden skal lære å sjekke kontoutdraget sitt  på internett

Til høgre på heimesida finn de meir informasjon om Webtemp.

Ta gjerne med eigen bærbar pc eller nettbrett.

Gje beskjed til kontoret om du kjem på dagtid eller kveldstid.

Møt opp denne dagen med åpent sinn og lærelyst 🙂

 

 

1 kommentar

  1. Toorulf Hjelmeland sa:

    Eg kjem på kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.