Diverse nyttig informasjon

Informasjon til medlemmar i Landbrukstenester Nordfjord 

  • Timelister må leverast innan den 5. i kvar mnd. Utlønning den 6. i kvar mnd.
    Timelister får de på kontoret eller lastar ned frå heimesida nordfjord.landbrukstenester.no.
  • No nyttar vi Webtemp – elektronisk timelistelevering og signering. Ynskjeleg at flest muleg benyttar webtemp. Link for å benytte webtemp kan du få tilsendt på e-post.
  • Dersom avløysaren har frikort må dette bestillast på skatteetaten.no. Skattekortopplysningar får vi elles elektronisk.
  • Det må skrivast arbeidsavtale mellom avløysaren og Landbrukstenester Nordfjord. Administrasjonen tar ansvar for at nye avløysarar får tilsendt arbeidsavtale. Har din avløysar ikkje fått tilsendt arbeidsavtale ? Då ber vi deg ta kontakt med oss snarast.
  • Faktura blir sendt ut etter utlønning, også om medlemen har pengar til gode i laget. Denne skal brukast i rekneskapen som bilag. Vi ynskjer at flest mulig brukar e-post.
  • Sjukdomsavløysing blir utlønna på same måte som ordinær lønn. Faktura blir utsendt etter utlønning som ved ferie- og fritidsavløysing. Bonden sender sjølv dokumentasjon til kommuna. Utbetalinga kjem direkte til medlemen frå Fylkesmannen.
  • I 2015 vart det bestemt at tilskotet skal ubetalast direkte til bonden, både ferie-og fritidstilskot og avløysartilskot ved sjukdom. Dette medfører at laget ikkje har likviditet til forskotsutbetaling av lønningar. Vi har av denne grunn bedt medlemane om å betale inn til laget sin konto tilskotspengane når dei kjem i februar.
  • I 2020 er maks dagsats for sjukdomsavløysing kr 1670. Søknad om tilskot til sjukdom finn du gjennom altinn.no. Utgifter i forbindelse med sjukdom må dokumenterast. Vilkår er som tidlegare sjukmelding/fødselspermisjon. Når bonden skal søkje om sjukepengar, etter 16 dg, som sjølvstendig næringsdrivande / freelanser, må skjema NAV 08-3501 fyllast ut og sendast til NAV.
  • Landbrukstenester Nordfjord ordnar med skatt og arbeidsgjevaravgift (påslag), og betaler til fastsette terminar. Dette treng ikkje medlemen tenkje på.
  • Feriepengar ( 12 %) ( over 60 år 14,3 %) ligg som påslag på timelønna, og blir sett til side på konto. Feriepengane blir utbetalt til avløysaren i juni året etter.
  • Moms vart innført på utleige og formidling av arbeidskraft for mange år sidan. Eg bereknar momsen og betalar inn til staten til fastsette terminar. Rekninga ut til medlemen er på lønnskostnadar pluss moms.
  • Forsikringar på avløysaren ligg som påslag på lønna. Det gjeld både ansvar og yrkesskade. Forsikringa er ein pakke som er forhandla fram for alle avløysarlaga i landet, og er svært gunstig. Ca 50 % sparar medlemen på forsikringa. Denne gjeld for dei timane som er bekrefta med underskrift på timeliste eller ut i frå oppsett avløysarplan.
  • Norske Landbrukstenester tilbyr i tillegg fleire forsikringar til medlemane og avløysarane. Blant anna helseforsikring og heilårs reiseforsikring. Meir info om dette finn du på vår heimeside.
  • Treng du avløysar til ferie/fritid, er du blitt sjuk eller skada slik at du treng hjelp raskt, eller ynskjer du kanskje å vere med i ein ring – uansett – ring til kontoret om du lurer på noko.