Arbeidstidsreglar og arbeidsinstruks for avløysarar

 

Arbeidstidsreglar og arbeidsinstruks for avløysarar 

  1. Avløysaren er tilsett i Landbrukstenester Nordfjord. Når det gjeld lønn og andre spesielle avtaler viser ein til den underskrevne tilsetjingsavtala.
  2. Avløysarane har krav på minst 25 verkedagar ferie pr. år. Minst 18 av desse kan avviklast i tidsrommet 1. juni til 30. september. Personer over 60 år har rett på minst 6 verkedagar i tillegg. (Sjå elles ferielova.)
  3. Avløysarane pliktar å arbeida inntil annakvar helg, dersom dette er ynskjeleg.
  4. Arbeidstida pr. veke skal vere 35,5 timar i gjennomsnitt for ringavløysarar, med arbeid annakvar helg. For andre er gjennomsnitt arbeidstid 37,5 timar pr. veke.
  5. Arbeidsdagane som er fastsett i oppsett avløysarplan skal normalt fylgjast. Planen bør tilpassast slik at 2 veker utgjer 10 arbeidsdagar og 4 samanhengande fridagar.
  6. Laurdag ettermiddag, etter kl. 13.00, og alle helge- og høgtidsdagar skal arbeidet berre omfatta dyrestell, eller anna naudsynt (Andre ordninger kan og vera aktuelle, men då skal dei vera skriftleg avtala.)
  7. Avløysaren må godta at medlemene i ringen byter Men dette skal ikkje gå ut over avløysaren si fritid/fridagar, og bør avtalast på førehand.
  8. Dersom det vert arbeidd delt dag skal reisetida for ein tur, fram og attende, inngå i arbeidstida.
  9. Er brukaren bortreist, kan avløysaren verta pålagt ansvar for heile bruket.
  10. Avløysaren skal fylgja kvar bonde sin instruks når det gjeld arbeid på det einskilde bruk. Særleg ved dyrestell er det viktig at variasjonane er minst mogeleg.
  11. Lønn vert utbetalt den 6. i kvar mnd. Underskrevne timelister må vera innkomne til avløysarlaget innan den 5. i kvar mnd. Lønna vert automatisk justert dersom det er gjort avtale om dette i tilsetjingsavtala.
  12. Ved skogsarbeid skal det nyttast verneutstyr. I avløysarringane vert dette kosta av ringen. Ringen held og arbeidstøy og støvlar til avløysaren, dette kan og utbetalast som klegodtgjerdsle. Reinhald av arbeidstøyet er avløysaren sitt ansvar. Ved start på ein arbeidsperiode på ein gard skal alltid arbeidstøyet vera reint, pga. fåre for smittespreiing.
  13. Vert avløysaren pålagt overtidsarbeid, skal dette ordnast opp direkte mellom brukar og avløysar i form av fritid. Skal overtid utbetalast som løn skal det merkast på timelista.
  14. Hus og mat skal avløysaren halda sjølv. Er andre ordninger aktuelle skal dette gjerast opp direkte med den det gjeld.
  15. Usemje/misnøye mellom ein bonde og avløysar skal ordnast opp i straks. I ringane skal det meldast til leiaren i ringen. Ved deltid/familie direkte til Avløysarlaget ved dagleg leiar.
  16. Arbeidsulukker der avløysaren vert skada skal alltid meldast til Avløysarlaget straks.
  17. Vert avløysaren sjuk, eller ikkje kjem på arbeid til rett tid, forsøv seg, skal brukaren ha melding Let ikkje dette seg gjera skal Avløysarlaget kontaktast snarast. Mogeleg sjukemelding eller eigenerklæring skal sendast til Avløysarlaget.
  18. Avløysaren har taushetsplikt om arbeid/forhold på det einskilde bruk.
  19. Avløysaren skal til kvar tid retta seg etter denne instruks. Instruksen kan verta endra.
  20. Skulle det oppstå forhold som ikkje er dekka av denne instruks, så vert arbeidsmiljølova, eller andre offentlege retningsliner gjort gjeldande.
  21. Det vert oppmoda å nytte standard tilsetjingsavtale, best. nr. 563 frå Arbeidstilsynet

 

Ringmedlemmar – Bøndene sitt ansvar 

  1. Kvar bonde (medlem) har ansvar for at arbeidsmiljø og tryggleik på bruket er i samsvar med arbeidsmiljølova sine bestemmelser. (Sjå og avløysarlaget sine vedtekter.)
  2. Den nye brukarforskrifta krev at bonden skal kontrollera at avløysaren har naudsynt kunnskap om bruk av tekniske hjelpemidler. Kan ikkje dette dokumenteras har bonden plikt til å gje naudsynt opplæring før arbeidet starter.
  3. Kvar bonde pliktar å gje avløysaren naudsynte opplysninger om arbeidet som skal gjerast. Dette er heilt avgjerande for å få utført eit godt arbeid.
  4. Avløysarringen pliktar å halda avløysaren med arbeidstøy og fottøy til bruk ved stell av dyr. Ved skogsarbeid, bruk av motorsag, skal verneutstyr alltid
  5. Avløysaren kan ikkje setjast til arbeid som er fårleg for liv og helse, eller i strid med gjeldande forskrifter.
  6. Avløysaren skal ha tilgang til toalett og vaskerom på kvart bruk. Det same gjeld oppvarma rom i matpausen.
  7. Skulle det oppstå skader eller økonomisk tap på grunn av avløysaren sitt arbeid, for eks. skade på reidskap/utstyr, sjukdom på dyr, kvalitetstrekk på mjølk osv er dette i utgangspunktet bonden sitt ansvar. Dersom skaden vert dekka av Avløysarlaget sin ansvarsdekning, vil bonden berre vera ansvarleg for eigenandelen, sjå laget sine vedtekter. (Ta kontakt i slike tilfeller.)
  8. Avløysaren er automatisk dekka for yrkesskade/yrkessjukdom gjennom Avløysarlaget. (Andre dekninger kan variere frå lag til lag, ta kontakt med ditt Avløysarlag.)
  9. Som bonde og arbeidsleiar har du teieplikt om alt som gjeld avløysaren sitt arbeid på ditt bruk, – det same gjeld evt. i avløysarringen.

NB: Eit godt forhold  og samarbeid mellom brukar og avløysar er avgjerande for eit godt resultat.

        Ver ein «god» arbeidsleiar,- gje avløysaren «ansvar».

        Er du ikkje nøgd med arbeidet så ta det opp direkte med avløysaren,- så snart som råd.

       Litt fleksiblitet frå begge partar er viktig,- då går alt lettare.