Vi har kontor i andre etasje i Almenningen 1, Nordfjordeid og kontortida er mellom kl. 09.00 og kl. 15.oo, måndag, tysdag og torsdag, fredag. Tone H. Sørland er tilsett som dagleg leiar i ei 85% stilling. Tone
KURS I RYDDING AV STORMFELT SKOG
Laurdag 14 januar blir det halde kurs i rydding av stormfelt skog.
Kurset skal vere på Hundeide, frå kl10.00. Det varer ca 4 timar.
Møt opp ved Hundeide Ungdomshus - det er inga påmelding
Kurset er gratis og ope for alle.
HASTAR !!
VI TRENG TILKALLINGSHJELP/FREELANCER. DET DUKKAR STADIG OPP BEHOV FOR EIN PERSON SOM KAN TA PÅ SEG TILFELDIGE KORTE OPPDRAG, ENTEN DET GJELD SJUKDOM ELLER FERIE/FRITID. VI SØKJER ETTER EIN PERSON, UNG ELLER GODT VAKSEN, MED ERFARING FRÅ GARDSARBEID.
Ring tlf 578 60 173 eller send ein e-post til
tone.sorland@n-lt.no
Det siste infoskrivet, docx fil og PDF fil
Treng du hjelp av fagfolk i hagen?
Vi har ein utdanna gartnar som tek på seg ulike hageoppdrag.
Ta kontakt med kontoret tlf 57 86 01 73 / tone.sorland@n-lt.no eller Johannes Nome johannesnome@hotmail.com
Timelister og arbeidsavtale.
Timelister kan de no skrive ut sjølve, frå link på venstresida av heimesida. Husk også arbeidsavtale til avløysaren. Denne arbeidsavtalen varer så lenge de brukar same avløysaren(i mange år).
Fristen for innlevering av timelister er som før, den 5. i kvar månad. Utlønning skjer snarast råd etter det, seinast den 12.
Avløysarkurs 2011, landsoversikt.
Bygdefolkets studieforbund har laga eit oppsett over tilgjengelege avløysarkurs på landsplan. Slik at går du på skule el. liknande ein plass i landet, kan du delta der du er. PDF fil her
Lønnstariffen er no oppdatert med satsane pr. 1. april 2011.
Arbeidstilsynet har no laga ei orientering av deira forståing av forskrifta om almenngjeringa av tariffavtalen for jordbruket og gartneria.
Les meir her..
Rett behandling til garantert tid - Slik unngår du helsekø.
No kan vi tilby helseforsikring til medlemane i Landbrukstenester Nordfjord, til alle våre tilsette og familiemedlemane til desse.
Tidlegare har berre dei fast tilsette fått tilbod om denne forsikringa kollektivt. Garantien du får:
Garantert spesialistvurdering innan 10 dagar
Garantert behandling/operasjon innan 28 dagar
Gå inn på denne linken og les om denne gode forsikringa.
I tillegg til å ordne med avløysing til bøndene har vi no starta med:
Ditt lokale vikarbyrå.
Vi tek oppdrag som er for små for dei store og for store for "menigmann".
Eksempel:
Rydding i hagar
Arbeid/transport med traktor/traktor og utstyr
Utleige av Avant minilastar med førar
Utleige av minigravar med eller utan førar
Ta kontakt med oss om det er eit arbeid du vil ha utført og vi skal prøve og skaffe rette personen og utstyret.
Vakttelefonnr. til landbruksvikar utanom opningstida: 47 68 03 60
Link til Norske Landbrukstenester.

