Her er ei orientering om korleis vi har løyst oppgåva i Landbrukstenester Nordfjord.
Frå 1 januar 2008 er ansvaret for landbruksvikarverksemda overført frå kommunane til avløysarlaga. Dei kommunane som i dag har tilsett landbruksvikar vil få tilskot ut 2008. Frå 1 januar 2009 er det avløysarlaga sitt ansvar å tilby ei landsdekkjande beredskapsordning ved sjukdom/krise hos bonden.
Norske Landbrukstenester i lag med avløysarlaga har i fleire år etterlyst ei betre beredskapsordning ved sjukdom. I jordbruket sitt krav til forhandlingane er det dei siste åra fremja forslag om ei endring i ordninga. Forslaget har bakgrunn i at det er blitt færre årsverk landbruksvikar i kommunane. I tillegg har ikkje avløysarlaga kunne gå inn på denne ordniga i dei kommunane som ikkje har hatt landbruksvikar. Den nye ordniga skal sikre at alle føretak skal ha lik tilgang til ei beredskapsordning ved sjukdom/krise. Ordninga skal vere landsdekkjande og alle føretak som har rett på tilskot under sjukdom skal, så langt råd er, få hjelp. I denne samanheng er det viktig at det blir etablert ei vaktordning med stabile landbruksvikarar som kan tre inn på kort varsel. Ei utfordring for avløysarlaga er å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. I ein stram arbeidsmarknad må laga kunne tilby landbruksvikarane konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår. Då er ein avhengig av stabil finansiering. Det er også ei utfordring at bøndene er flinke til å nytte LV slik at dei er sikra sysselsetjing. Ved ledig kapasitet kan LV nyttast til vanleg avløysing eller andre oppdrag. Sjølv om det er avløysarlaga som er sett til å administrere den nye ordninga, er det ikkje knytt krav til medlemsskap i avløysarlaget for å få tilgang på LV. Det er avløysarlaget som skal ha arbeidsgjevaransvaret for LV og som står for fakturering av kostnaden til bonden. Det er Statens Landbruksforvaltning og Fylkesmannen som bestemmer og tildelar antal årsverk. Landbrukstenester Nordfjord har fått 1,8 årverk. For bonden og avløysarlaga er den nye landbruksvikarordninga ei utfordring. Det vil ta tid å byggje opp ein beredskap. Det er viktig at alle partar yter sitt om ein skal få til ei teneleg løysing. Viktige forutsetningar for å lykkast er ei stabil finansiering og tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Om partane i jordbruksforhandlingane får på plass gode tilskotsordningar er det opp til avløysarlaga og bonden, i samarbeid, å skape gode arbeidsplassar i distrikta. Dette er ei utfordring som næringa må lykkast med.
Landbruksvikarar tilsett
Vi er glade og stolte over å kunne fortelje at vi har tilsett 5 personar som skal dekke trongen for beredskap i Bremanger, Vågsøy og Eid.. Aleksander Frøyen og Kari Songedal skal dekke Bremanger kommune. Inger Falkevik, Roy Andre Bruvoll og Halvard Kåsa skal dekke kommunane Vågsøy og Eid. Landbruksvikaren skal prioritere sjukdom og kriser, men kan òg nyttast til anna arbeid. Landbruksvikaren tingar du gjennom avløysarkontoret. Ikkje ring direkte til landbruksvikaren.
Telefonnummeret er det same både på dag - kveld- og helgar: Tlf 47 68 03 60
Forskrifta stiller ingen krav om at bøndene skal bruke landbruksvikar ved sjukdom, likevel er det nødvendig å kome med nokre ynskje for å få ordninga til å fungere etter formålet:· Ved sjukdom bør du alltid ta kontakt med laget sitt kontor for å høyre om det er ledig landbruksvikar. Er det ledig LV, bør denne nyttast så langt som råd.· For å oppretthalde ein stabil beredskap, må bøndene vere villig til å nytte LV til anna avløysing/arbeid.· Ordninga er til for bonden si skuld, og er forhandla fram gjennom jordbruksoppgjøret av bonden. Avløysarlaget er eigd av same gruppa. Her har både laget og bonden eit ansvar og ein jobb som skal gjerast - samarbeid er stikkordet for å lukkast. Klede/støvlar til landbruksvikaren må vere tilgjengeleg på garden, på same vis som til veterinær.
Ditt lokale vikarbyrå
For å få eit betre driftsgrunnlag, må laget auke inntektene. Dette har vore peika på i fleire år. No har vi inngått avtaler med nokre personar som skal ta på seg oppdrag for oss. Det blir annonsert i pressa ganske snart. I fyrste omgang er det innbyggjarane i Eid kommune som får tilbudet.Vi har fått med oss ein tømrar med fagbrev som kan ta på seg "små" oppdrag, ein av medlemane i laget tek på seg diverse arbeid/transport med traktor og utstyr, ein medlem leiger ut Avant minilastar m/mann, ein av landbruksvikarane tek på seg diverse oppdrag med eller utan traktor t.d. hagerydding +++++++++++Er det fleire som vil vere med på laget, ta kontakt med kontoret eller styreleiar.
Når det gjeld prisar på desse tenestene, tek vi utgangspunkt i NLT sine "utleigeprisar for maskiner og utstyr" pluss timelønn på person.
Etter kvart skal informasjon, skjema og prisar leggast ut på heimesida http://nordfjord.landbrukstenester.nosjå også på denne sida, her ligg mykje informasjon som gjeld "alle" www.norske-landbrukstenester.no
Landbrukstenester Nordfjord
Tone H. Sørland, dagleg leiar Magnus Endal Styreleiar

