Vi kan hjelpe deg!
Vi kan regelverket for velferdsordningane i landbruket og kan hjelpa deg om du har spørsmål .
Vi kan avløysing, løn, personalforvaltning og tilskotsordningane i landbruket.
Vi samarbeider med Norske Landbrukstenester på landsplan når det gjeld forsikring av alle tilsette. For deg som brukar betyr det at du kan "gløyme" forsikringar for alle som får løn gjennom laget, også når du brukar familie. Dette gjeld både yrkesskade og ansvar og dekkjer alle typar arbeid. Gode forsikringar til ein svært rimeleg pris.
Vi kan hjelpa deg med alle søknader og dokument som gjeld utanlandsk arbeidskraft. Bruk også oss til lønsutbetaling og administrasjon. Bruk av Landbrukstenester Nordfjord når det gjeld utanlandsk arbeidskraft skal vere eit kvalitetsstempel, som vi vonar skal gje landbruket tillit til denne viktige arbeidskrafta. Dette vart særlig viktig etter 1. mai 2004.
Vi ordnar med all naudsynt dokumentasjon og søknader når det gjeld ferie og fritid og sjukdom, slik at du får utbetalt dei tilskota du har rett på.
Vi kan og hjelpa deg å skaffe andre typar arbeidskraft som du har trong for, med tilhøyrande løn og administrasjon.
Vi ynskjer å vere eit aktivt og effektivt organ i di teneste. Men det er du som brukar og medeigar som avgjer kor godt arbeid vi kan gjere. Bruk oss, still krav til oss, det legg grunnlaget for gode og rimelege tenester til deg.
Velkomen som aktiv medlem og brukar av
Landbrukstenester Nordfjord

