Startsida til LTN

Velkomen til Landbrukstenester Nordfjord si heimeside.

Det er kome ny versjon av søknadsskjema som gjeld tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. Du finn skjemaet under fana «skjema»

 

No når dei fleste har levert siste timelistene, og fått opplysningar om kor mykje De har brukt på avløysing i 2017, er det viktig å legge dette tallet inn i produksjonstilskot søknaden under rubrikken Avløsning ved ferie og fritid

Hugs å etterregistrere  opplysningar i søknadsskjemaet

Les meir her

 

 

NO FLYTTAR VI TIL NYE LOKALE

Fredag 27 oktober er siste dag med ope kontor på Almenningen 1.
Helga blir nytta til flytting, og komande veke er eg på Gardermoen på kurs / haustsamling.
Mandag 6 november flyttar vi inn i splitter nye lokale i Eidsgata 33, JYSK bygget.
Dette gledar vi oss til og de er hjarteleg velkomne inn  🙂

 

KURS I VARME ARBEID 18 november – DET BLIR ARRANGERT FLEIRE KURS VINTER/VÅR 2018

Forsikringsbransjen krev at alle som skal utføre varme arbeid for andre, skal ha sertifikat som dokumenterer godkjent utdanning.
Kurset er tilpassa krava og blir gjennomført av godkjent instruktør.

Følgjande emner blir gått igjennom:
♦Kva er varme arbeid ?
♦Regelverk og brannteori
♦Faremoment ved varme arbeid
♦Risiko gjennom kartlegging, vurdering og tiltak
♦Dokumentert opplæring
♦Praktisk sløkking av brann

Kurset avsluttast med ein teoretisk eksamen.
Ved bestått eksamen vert det skrive ut sertifikat for varme arbeid med gyldighet i 5 år.

Instruktør:                    Henrik Aabrekk
Kurslengde:                  1 dag – start kl 09:00
Stad:                               Eid Vidaregåande Skule
Maks deltakarant:       25
Påmelding:                    tone.sorland@n-lt.no eller mobil 476 80 360
Påmeldingsfrist:          10 november
Pris:                                kr 1.200
Arrangør:                      Landbrukstenester Nordfjord
Kontaktperson:           Tone H. Sørland mobil 476 80 360
Inge Kjell Lindvik mobil 909 66 991

 

 

 

Søknad om produksjonstilskot jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid – del 2
Frist: 15.10.17
Våren 2017 vart det innført nytt søknadssystem for produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Det er to søknadsfristar og ei utbetaling per år i det nye systemet. Andre søknadsfrist er no 15. oktober, og da er det både husdyrprodusentar, føretak med planteproduksjon og føretak med bikubar som kan levere søknad. Ein kan søke frå og med 1. oktober, som er telledatoen og det vert anbefalt at ein er tideleg ute med å søke.
NB! Det er viktig at alle søker på avløysartilskottet sjølv om dei ikkje har hatt avløysing endå. Då fører ein opp 0 i beløp i søknaden. Dersom ein ikkje søkjer no kan ein heller ikkje korrigera beløpet seinare.
Du kan lese meir om dette her.

 

Maskinførarkurs på Mo og Øyrane

 

Medlemsinformasjon mai 2017

 

Medlemsinformasjon april 2017                                                                                                             

 

Aarsmelding Landbrukstenester Nordfjord 2016                                                                              

 

 

Vi legg fortløpande ut aktuelle skjema, dokument og lenker. Desse vil du etter kvart finne under «HMS», «medlem», «skjema»og «avløysar «på toppen av sida. Her på framsida og i venstremenyen vil du finne oppdaterte saker både lokalt og frå NLT.

NB!! Bruk pil tilbake dersom du vil innatt på heimesida etter at du er ferdig med eit skjema eller dokument

Ta gjerne kontakt med administrasjon eller styreleiar om det er noko du saknar. Vi tek også gjerne mot innlegg eller bilete frå medlemmer.

 

Vi har kontor i andre etasje i Almenningen 1, Nordfjordeid og kontortida er mellom kl. 09.00 og kl. 15.oo, måndag til torsdag, fredag er det stengt. Tone H. Sørland er tilsett som dagleg leiar i ei 85% stilling. Telefonnummer til kontoret 57860173. Ved akutt trong for avløysarhjelp, ring 47680360

 

 

 

 

 

 




 

Link til Norske Landbrukstenester.